Regnet starta for alvor laurdag ettermiddag. På målestasjonen på Tefre i Angedalen i Førde er det notert ny rekord for januar sidan den vart sett opp i 1992.
Sjå biletgalleriet:
Heile 85,9 mm kom det i løpet av 24 timar frå søndag morgon til måndag morgon kl 07.
- Dette er den femte høgste januarmålinga i Førde sidan 1957, rekorden på 110,6 mm vart sett på ein av dei gamle målestasjonane i januar 1957, seier vakthavande meteorolog Dag Kvamme ved vervarslinga på Vestlandet.
Også mykje på Takle
På målestasjonen på Takle ytst i Sognefjorden vart det notert den sjuande høgste januarmåling sidan 1957 med 101,4 mm siste døgnet.
Høgste 144,8 på Takle i januar er 11. januar 1992. Meteorologisk institutt har ikkje tal frå før 1957 på desse to stadane.
Ikkje uvanleg
1 mm nedbør at betyr at det har falle 1 liter vatn på 1 kvadratmeter.
- Det vil seie at når det har komme 101,4 mm nedbør på Takle, betyr at det at det har komme om lag 101 liter vatn på ein kvadratmeter, seier Kvamme.
Han seier at det har vore eit uvanleg fuktig døgn.
- Men det er ikkje uvanleg med mildver og regndagar i januar i vår del av landet. Vi er vane med vekslande ver, seier meteorologen.
På retur
I følgje vervarslinga er nedbøren no på retur.
- Det vil framleis regne, men i fjellet blir det kjøligare. Det blir ei betring onsdag og torsdagen blir truleg bra. På fredag blir det litt nedbør, truleg først som snø og deretter regn.
Varsla høg vasstand
NVE varslar om framleis stor snøskredfare og vanskelige kjøreforhold. Det er venta høg vasstand på Vestlandet i dag, opp mot 30-40 cm over det som er oppgitt i tidevannstabellane. Høgste vasstand er venta midt på dagen, ved midnatt og midt på dagen tysdag vert det venta 20-30 cm over høgda i tidevannstabellene.
Det er framleis stor risiko for lokale flaumar, så folk bør passe på røyr, sluk og elvar.