Jølster: Mange kan ha bygd i rasområde utan løyve

Folk kan sidan 2008 ha sett opp bygg i rasfarlege område i Jølster utan å vere klar over at dei ikkje hadde gyldig byggeløyve frå kommunen.

Jølster sett frå fjellet.

RASFARLEG IDYLL: Jølster i Sunnfjord er ein naturleg vakker, men samstundes rasfarleg del av Noreg.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Jølster var fram til 2019 eigen kommune, men no har sjefane i nye Sunnfjord kommune oppdaga at alt slett ikkje er som det skulle vere i Jølster.

Av 931 byggesøknader frå 2008 til 2019, var det 389 saker som ikkje var behandla. Av desse igjen er 123 byggesaker i rasfarlege område – dei har Jølster mange av.

– Eg har aldri opplevd noko slikt som dette før, og det er jo veldig trasig at vi får dette her, seier kommunedirektør i Sunnfjord, Ole John Østenstad.

Kor mange bygg som faktisk er sett opp i rassonene utan løyve har kommunen førebels ikkje oversikt over. Men det kan dreie seg om mange – der folk har handla i god tru.

Fatta mistanke ved nyttår

Det var i samband med gjennomgang av grunnlaget for eigedomskatten i gamle Jølster at det blei oppdaga store avvik.

– Vi fekk mistanker i starten av året om at det var saker som ikkje var registrert i arkivet, vi fann dei ikkje igjen i matrikkelen, seier Østenstad.

Dei siste åra har det gått ei rekkje store ras i Jølster. Seinast i fjor sommar då bustadfelt blei kløyvd i to av vatn og stein. Ein mann omkom i eit av rasa.

Difor tar Sunnfjord kommune det no på høgste alvor at så mange som 123 byggesaker i dei rasfarlege områda ikkje har blitt tilstrekkeleg behandla.

– Kan vere fare

Bygga kan dreie seg om alt frå garasjar og uthus til bustadar. Bygg som ein må ha løyve for å setje opp.

– Det kan betyr alt frå at det er ok til at det faktisk kan vere fare der. Vi må gå igjennom desse og gjennomføre denne vurderinga på om det verkeleg er fare, seier Østenstad.

Kan det bety at det har vore utført byggjearbeid i område som ein i dag ikkje ville gitt løyve til?

– Det kan godt hende. Det vidare arbeidet vil avklare om det er tilfelle. Vi vil spesielt gå inn desse 123 sakene som gjeld naturfare og sjå til at det blir handtert på ein korrekt måte.

Kommunedirektøren slår fast at dei no brukar mykje ressursar på å finne ut av kvifor det blei gjort slik i Jølster kommune.

– Vi er innstilt på at vi skal få orden på det og at folk skal få formalisert dei byggeria dei har gjort og at alt skal kome i orden. Dei skal også vere sikre på at dei bur på ein trygg plass.

– Fokus på å ordne opp

Som ein konsekvens av gjennomgangen av byggesakene i Jølster, kan det også vere slik at nokon har sluppe unna både kommunale avgifter og skatt på nybygg.

– Vil dette kunne få konsekvensar for enkeltpersonar tilsett i kommunen?

– Nei, vi er ikkje der. No har vi fokus på å få ordna opp. Gjennom det arbeidet, så får vi ein veldig god kvalitetskontroll på om ting er i orden eller ikkje.

Ellen Jensen var rådmann i Jølster fram til kommunen blei ein del av Sunnfjord. Ho ønskjer ikkje å kommentere saka.

– Eg har såvidt blitt orientert om at dette skulle leggjast fram for politikarane, seier Jensen.

Heller ikkje tidlegare ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp), ønskjer å kommentere denne saka i kveld.

Ole John Østenstad

TAR ANSVAR: Kommunedirektør i Sunnfjord, Ole John Østenstad.

Foto: Guro Kvalnes / NRK