For to år sidan vart Jarle Kvalheim dømd for norgeshistorias største momssvindel, og han sonar no ein dom på sju og eit halvt års fengsel for bedrageri og økonomisk utruskap for til saman 333 millionar kroner. Svindelen skjedde gjennom Kvalheim sitt selskap OK Fish.
Men OK Fish selde også eit selskap til Pan Fish. Dermed er Jarle Kvalheim også omtala i boka "Opp som ein bjørn", som handlar om Pan Fish. I alle andre aviser har boka fått positiv omtale, men i tidsskriftet får den slakt.
Uproblematisk
Det var redaktør i Norsk Fiskeoppdrett, Gustav Erik Blaalid, som bad Kvalheim melde boka. Han meiner det er uproblematisk.
– Eg synest dette er heilt greitt, og Kvalheim har levert ei god bokmelding, seier redaktøren, som trekkjer fram at Kvalheim har ein solid bakgrunn i oppdrettsnæringa.
Overkvalifisert
– Kvalheim er vel nesten overkvalifisert når det gjeld å skrive om svindel, slår Aslak Berge lett ironisk fast. Berge meiner tidsskriftet viser dårleg skjønn i vurderingane sine.
– Tidsskriftet ramlar ut i eit minefelt av problemstillingar ved å bruke Kvalheim, meiner Berge.