Kari Kvalheim stod tiltalt for utbytteheleri på 21 millionar kroner, etter salet av to oppdrettskonsesjonar frå OK-Fish til Pan Fish. Jarle Kvalheim vart for to år sidan dømd til sju og eit halvt års fengsel for momssvindel og økonomisk utruskap på 333 millionar kroner.
Broren dømd
Saka mot Kari Kvalheim er berre ein del av etterraksten etter den største momssvindelen i Noreg nokon sinne. Broren hennar vart i same sak dømd til åtte månaders fengsel, og revisoren i eit av selskapa til Jarle Kvalheim er også tiltalt.
25.000 i bot
Kari Kvalheim vart i tingretten dømd for å ha skrive ut fiktive faktura, og lagmannsretten slår fast at ho må betale 25.000 kroner i bot. - Uriktig, men til å leve med, seier advokat Hege Birkeland Ersdal. Ho seier klienten no håpar at ho kan legge bak seg denne saka.