Hopp til innhold

Fekk det ikkje til å klaffe på bana - men skaut to hjortar dagen før

Ole Jørgen Halvorsen fekk ingen fulltreffar mot Aalesund, men det gjorde han til gagns på hjortejakt.

Ole Jørgen Halvorsen og Peter Orry Larsen

HELL PÅ JAKT: Ole Jørgen Halvorsen hadde større utbyte på hjortejakt enn på scoringsjakt. Her i duell med Peter Orry Larsen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg skaut to hjortar – ei kolle og ein kalv. Det var heilt fantastisk moro, seier Ole Jørgen Halvorsen.

Glad han fekk sitje på post

Saman med dei andre på Sogndal fekk han ikkje hol på byllen mot Aalesund, då laga spelte 0-0 på Fosshaugane.

Men for Halvorsen sin del, kan han iallfall skryte på seg to fulltreffarar dagen før.

– Eg fekk lov til å sitje på post, og slapp å jage ettersom det var kamp i dag, seier angriparen.

Hadde sjansar - greidde ikkje score

Halvorsen og jaktlaget hadde ein flott dag med hjortejakt i Fjærland på laurdag.

Søndag enda det med uavgjort mot tabellnabo Aalesund på fotballbana.

– Eg lever godt med 0-0. Vi møter eit veldig godt fotballag, seier trenar Harald Aabrekk.

Sogndal hadde sunnmøringane i kne dei siste ti minutta av kampen, men greidde ikkje å omsetje dei mange sjansane dei då skapte i mål.