Hopp til innhold

Isbresmeltinga stoppa nesten opp i 2020

JOSTEDALSBREEN (NRK): Varsellampane har lenge blinka raudt, men i år har fleire av dei største isbreane nesten ikkje krympa.

På toppen av Nigardsbreen.

GODE TAL: Målingstala for dei norske breane har dei siste åra vore alarmerande. I år breane fleire stader i landet nesten ikkje krympa, ifølgje NVE. Her frå målinga på Nigardsbreen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

1700 meter over havet finn forskarane Even Loe og Hallgeir Elvehøy fram måleutstyret sitt.

Her, oppe på Nigardsbreen, har massebalansen i breen vore måla sidan 1962.

– Her ligg det att 4,5 meter frå sist vinter, seier Even Loe, som er hydrolog i Statkraft.

Mengda tilseier at Nigardsbreen har lagt på seg drygt ein meter med vatn i år.

Det er uvanleg. Faktisk er målinga den sjette beste sidan den første prøven vart tatt, for vel eit halvt hundreår sidan.

– Får me fleire slike somrar på rappen, så kjem brekanten til å vekse framover igjen, seier Even Loe i Statkraft.

Nigardsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen, og ligg i Luster kommune i Vestland fylke.

Breen har namn etter garden Nigard som vart knust av breen i 1748. Den gongen stansa brekanten om lag 4,5 km lenger fram enn han gjer i dag.

Even loe frå Statkraft.

EIT GODT ÅR: Sidan den første målinga i 1962, er 2020 det sjette beste året i positiv forstand for Nigardsbreen. – Eit godt år, slår Even Loe fast.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Gått tilbake kring 600 meter

Bakteppet er nemleg dystert. Dei siste åra har Nigardsbreen minska i rekord-tempo, og berre dei siste 20 åra har fronten gått tilbake kring 600 meter.

Mange forskarar fryktar at fleire isbrear vil forsvinne innan hundreåret er omme.

Men 2020 er annleisåret, og etter ein god vinter med mykje snø har Nigardsbreen faktisk vakse seg større.

Hallgeir Elvehøy er glasiolog, som betyr at han blant anna jobbar med å måle nivåa på isbreane.

– Målingane tilseier ei tilbaketrekking på fire meter, noko som er svært lite samanlikna med tidlegare, seier han, og forklarar det med dei enorme nedbørsmengdene som kom i fjor vinter.

Tendensen stort sett er den same elles i landet, fortel han.

– Me har ikkje fått inn alle målingane, men det store biletet er at mange brear har minka relativt lite i år.

Framleis pessimist

Sjølv om tale for i år isolert sett er oppløftande, vil den hovudtendensen halde fram, trur Elvehøy.

– I det store biletet så seier prognosane at utviklinga med varmare vêr og meir smelting vil halde fram. Så forventningane er at det går dårlegare med breen.

Men i alt det dystre er det også eit lite lysglimt, skulle nedbørsmengda halde fram.

– Det er ikkje noko i vegen for at klimasystemet kan gje oss fleire år med så mykje snø, og då vil jo det få eit utslag.

Nigardsbreen.

KAN GÅ FRAM IGJEN: Om utviklinga held fram, kan brearmane bli meir synlege igjen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK