Hopp til innhold

Iransk familie vann fram i lagmannsretten – får bli i Noreg

I to år har den iranske kvinna Maryam Bandari og sønene hennar budd i pinsekyrkja på Sandane. No har lagmannsretten bestemt at dei får bli i Noreg.

Maryam Bandari og John Arnljot Valør, Gloppen

– RETTFERDA HAR SIGRA: John Valør er glad for at lagmannsretten har kome til same konklusjon som tingretten, og vil la Maryam Bandari og sønene bli i Noreg. Biletet er teke tidlegare i år.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Maryam Bandari gjekk i kyrkjeasyl i Gloppen i 2017 etter å ha fått avslag på søknaden om opphaldsløyve. I fjor vann ho fram i Oslo tingrett, som meinte familien skulle få bli i landet. Men UNE anka, og saka kom opp att i Borgarting lagmannsrett like før påske.

Mens Bandari har venta på å få saka opp att, har ho kunne bevege seg fritt, men ho og dei to gutane har fortsett å bu i pinsekyrkja på Sandane.

Kjernen i saka er om Bandari som kristen konvertitt har ein reell risiko for å bli forfølgt i heimlandet Iran. Under «ein viss tvil» har lagmannsretten no kome til at Bandari ved retur til Iran vil stå i reell fare for forfølging.

Retten meiner difor at UNE sitt vedtak om å ikkje om gjere om tidlegare avslag på søknad om asyl – er ugyldig.

Maryam Bandari er glad for at lagmannsretten har gitt henne medhald.

– Eg er sjølvsagt glad – etter mange lange, vanskelege dagar, seier ho til NRK.

Har ankemoglegheit

UNE har moglegheit til å anke dommen til Høgsterett, så Bandari seier ho framleis må vente på dette. Ho seier ho framleis har bekymringar, men at ho ikkje er like bekymra som før.

– No har vi to positive dommar, seier ho.

John Valør er ein av fleire støttespelarar Bandari har hatt i pinsekyrkja på Sandane.

– Eg føler rettferda har sigra. Det tingretten har anført har også gått gjennom i lagmannsretten, seier Valør til NRK.

Meiner dommen er korrekt

Advokaten til Maryam Bandari, Jostein Løken, er også fornøgd med rettsavgjerda.

– Vi har fått ein heilt korrekt dom som skildrar risikoen som Maryan blir utsett for dersom ho blir tvinga tilbake til Iran. VI er svært glade for denne dommen, som meiner den er riktig, seier han.

– Ho er ein aktiv kristen konvertitt. Vi har lagt fram mykje dokumentasjon som viser at dei som driv kristen aktivitet på det nivået ho har gjort vil bli utsett for risiko ved retur til Iran.

Utlendingsnemnda har moglegheit til å anke saka vidare til Høgsterett.

– Eg trur ikkje dei kjem til å anke til Høgsterett. Men om dei gjer det, er vi ikkje spesielt engstelege for det, seier Løken.

Vurderer dommen

Seksjonssjef for asylseksjon Midtausten i UNE, Iselin Ryeng-Lande, seier dei fekk dommen i går og no held på å lese den.

– Vi vil etter kvart vurdere dommen nøye. Vi meiner difor ikkje så mykje om den enno, vi må setje oss inn i premissane først. Men vi konstaterer at lagmannsretten har vurdert saka annleis enn vi gjorde, seier Ryeng-Lande til NRK.

UNE vil vurdere om dei skal anke avgjerda frå lagmannsretten når dei har fått sett seg meir inn i dommen, opplyser seksjonssjefen.