Hopp til innhold

Amerikanarar vil bygge verdas største datasenter under vestlandsfjord

Langt inne i ei nedlagd gruve i Nordfjord er eitt av landets største datasenter. No skal det bli størst i verda.

Lefdal Mine Datacenter

STORT: Gruvene i fjellhallane er på heile 120 000 kvadratmeter. Det svarar til 18 fotballbaner.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Marknaden for datasenter er venta å vekse raskt det neste tiåret. Skytenester, kunstig intelligens og at gjenstandar kan kommunisere med kvarandre, gjer at trongen for datakraft aukar år for år.

Lefdal Mine Datacenter har vore omtala som det største i landet i sitt slag, og gøymar seg i ei gamal gruve i Nordfjord i Vestland fylke.

Langs fjorden ligg også svære kraftproduksjonsanlegg, og den største kraftlina som går gjennom Vestlandet. Det er rimeleg og fornybar kraft som gjer det attraktivt å investere.

Onsdag vart det kjend at det amerikanske investeringsfondet Columbia Threadneedle Group har tatt over alle dei norske eigardelane i Lefdal Mine Datacenter.

IT-ministeren ynskjer utanlandske eigarar velkomen

Kjøpesummen er ikkje kjend, men målet er forkynt: Å bli størst i verda.

– Dette er ein stor økonomisk moglegheit for norsk næringsliv og lokalsamfunn, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H).

I samband med salet er det gjennomført ein emisjon som skal ha tilført datasenteret betydelege summar. Pengane skal investerast i å auke kapasiteten til senteret.

Den tyske datagiganten Rittal eig resten av selskapet, og held fram som minoritetsaksjonær.

IT-ministeren gler seg over salet.

– Vi ynskjer velkomen alle aktørar som vil investere i ny teknologi og kan bidra til ein berekraftig vekst i samfunnet, seier ho.

Lefdal gruve

OPNA: Etter mange år med planlegging opna Lefdal gruve i 2017.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Treng pengesterke eigarar

Lefdal Mine Datacenter vart starta av lokale investorar i Måløy i samarbeid med det kommunale kraftselskapet Sogn og Fjordane Energi.

No sel dei lokale selskapa seg heilt ut av datasenteret.

– Lefdal Mine Datacenter treng ein annan eigarstruktur for å nå fullt potensial. Investorgruppa i Måløy har dei siste åra starta ei rekke teknologiselskap, investert vel 600 millionar kroner, og skapt over 100 jobbar i distriktet. Salet vil gjere at vi kan halde fram å investere i nærområdet, seier Sindre Kvalheim i Localhost.

Vil vekse til å bli 20 gonger så stort

I fjellhallane i Nordfjord står det i dag datamaskiner og servarar med eit effektbehov på 10 megawatt, målet er at senteret skal vekse til 200 megawatt.

Sidan gruva er under bakkenivå, like ved fjorden, kan senteret pumpe sjøvatn til å kjøle ned anlegget. Det gjer datasenteret svært energieffektiv.

Administrerande direktør, Jørn Skaane i Lefdal Mine Datacenter seier at ambisjonane er å vekse kraftig dei komande åra.

– Med dei nye eigarane ligg det no til rette for å bygge ut endå meir, seier Skaane.

Lefdal Gruve

GRUVE: Lefdal gruve i Nordfjord var i mange år ei gruve for utvinning av mineralet olivin.

Foto: Lefdal Gruve