Hopp til innhold

Instagram-suksessens bakside: Framand mann tatoverte andletet til Jeanett (35) på armen

MAURANGER (NRK): Noregsmeisteren i havfiske ville visa unge jenter at fiske og friluftsliv er for alle. I staden kom ein vaksen mann frå USA og snudde livet hennar på hovudet.

Jeanett Bersås

FISKESTJERNE: Jeanett Bersås har på få år vakse seg til å bli den mest følgde instagramprofilen innan fisking. På godt og vondt.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Tida mi er dyrebar når eg er ute og fiskar. Alt må vera klart, seier Jeanett Bersås.

NRK er med sportsfiskaren på tur i Maurangerfjorden i Hordaland.

35-åringen frå Odda har opparbeidd seg nesten 25.000 følgarar på Instagram. Ho er truleg den fiskeprofilen i landet som har flest følgarar.

I 2017 vart Bersås noregsmeister i havfiske. Når ho deltek på slike arrangement, er ho i undertal som kvinne. Bersås har lyst til å visa barn, unge og spesielt jenter at friluftslivet og fiske er for alle.

– Det er ei heil verd her ute utanom klede og sminke. Det synest eg er fint å kunna dela, seier ho.

Men suksessen på Instagram har ikkje berre hatt positive følger.

Blei skremd vekk frå Instagram

Bersås ønskte å visa at òg jenter kan gjera det bra i den mannsdominerte aktiviteten.

Ho byrja å legga ut bilde av fiskinga på Instagram sommaren 2016. Halvanna år seinare hadde ho 17.000 følgarar. Talet fortsette å veksa.

Men populariteten hadde òg ei negativ side.

Ein av følgarane, ein mann frå USA ho ikkje kjende, skal ifølge Bersås ha flytta til Odda for å vera nære henne.

– Men det var ikkje før han byrja bruka namnet mitt på sitt eige visittkort og tatoverte andletet mitt på armen sin, at eg verkeleg skjønte alvoret, seier Bersås.

Tatovering Jeanett Bersås

TATOVERING: Jeanett blei skremd då ho fekk sjå dette biletet av tatoveringa til den ukjende amerikanske mannen. Tatoveringa illustrerer Jeanett både i bilete og tekst. NRK har også sett bilete av visittkortet til mannens selskap, der også namnet hennar, og «coming soon to Odda», står skrive.

Foto: Privat

Kutta ut sosiale medium

Dette gjorde henne redd og inneslutta. Ho slutta å dela bilde på Instagram i oktober 2018.

Ho ville koma seg vekk frå Odda og den ekle opplevinga, og brukte fisketurar som medisin.

Slik blei fiskinga på mange måtar både det som fekk ho inn i den ubehagelege situasjonen, og også det som redda henne ut.

Seinare fekk ho vita at mannen blei sendt ut av Noreg på grunn av brot på utlendingslova.

Jeanett Bersås

– REDDA MEG: – Fiskinga redda meg. Eg elskar alt med fiske og kjenner at dette er det eg vil driva med. Det er så fredeleg, og samstundes spennande.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Kan vera skadeleg

– Dei færraste stalkarar er i utgangspunktet farlege, men stalkaråtferd kan fort vera skadeleg i seg sjølv. Vi ser at 60-70 prosent av dei som blir utsette for dette, utviklar ein form for stressliding, seier Kenneth Nilsen.

Han er tryggleiks- og beredskapsrådgjevar ved Universitetet i Oslo, og har drive nettsida stalking.no, som skal relanserast på nyåret.

Internasjonal forsking syner at éin av seks kvinner opplever stalking i løpet av livet, og éin av 19 menn. Desse tala har også vist seg overførbare til Noreg, ifølge Nilsen.

Kenneth Nielsen

– MÅ DOKUMENTERAST: Kenneth Nilsen oppfordrar personar som blir utsette for stalking til å dokumentera meldingar og anna.

Foto: Privat

Han seier det er vanskeleg finne fellestrekk for stalkarar, utanom det faktum at dei har vanskeleg for å ta eit nei for eit nei.

– Det viktige når ein blir utsett for stalking, er å dokumentera alt som skjer heilt frå starten av, slik at ein kan bygga opp ein sak opp mot straffelova. Stalking er ein føreseieleg åtferd, og dermed også dokumenterbart, seier Nilsen.

I 2016 blei den nye lova mot stalking innført.

Stalkinga Bersås opplevde, blei ikkje formelt meld til politiet.

– Me har vore i kontakt med den fornærma, men det er ikkje oppretta noko straffesak hos oss, seier etterforskingsleiar Paul Henriksen på lensmannskontoret i Hardanger.

Ville ikkje la stalkeren øydelegga

Etter eit halvt års pause frå sosiale medium, har Bersås no starta opp att.

– Det var med litt bismak at eg posta det første bildet etter alt som hadde skjedd. Men eg kunne jo ikkje la han øydelegga for meg, seier 35-åringen.

I bildeteksten skriv ho mellom anna at:

«2018 var det verste året i livet mitt. Eg fekk ein stalker som snudde livet mitt på hovudet, og eg opplevde korleis det er å gå kvar dag og vera livredd for ein person ... Det blei så ille at eg måtte kutta ut sosiale medium og involvera politiet.»

Etter at ho delte historia, har ho fått mykje støtte. I dag har ho funne tilbake til gleda av å dela fiskelidenskapen sin.

– Fiskinga redda meg. Eg elskar alt med fiske og kjenner at dette er det eg vil driva med. Det er så fredeleg, og samstundes spennande, seier ho.

Jeanett Bersås

REKORDTORSK: Då Bersås reiste til Sørøya i Finnmark med nokre kompisar i 2017, fiska ho ein torsk på 30,3 kilo.

Foto: Asgeir Alvestad / Privat