Hopp til innhold

Innfører parkeringssoner for elsparkesyklar – håpar fleire byar følgjer etter

I Bergen er ein lut lei av elsparkesyklar som ligg strødd rundt omkring og er til hinder for fotgjengarar. No har kommunen sett ut fleire parkeringssoner for å få bukt med problemet.

El-sparkesykler er parkert på oppmerket parkeringsplass.

PARKERT: Sånn ser dei nye parkeringssonene ut.

Foto: Lidvard Sandven / NRK Hordaland

– Viss me får dette til å fungere, vil eg tru at fleire byar vil ta lærdom av det, seier Arvid Heggestad. Han er leiar for parkeringsavdelinga i Bymiljøetaten, og har stor tru på pilotprosjektet.

Arvid Heggestad

HÅPAR FLEIRE TAR LÆRDOM: Leiar for parkeringsavdelinga i Bymiljøetaten, Arvid Heggestad er spent på prosjektet

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Heggestad fortel at målet med pilotprosjektet er å unngå at elsparkesyklane skal ligge strødd rundt omkring i sentrum.

Etter planen skal det lagast 100 slike sonar, og med dei fleste elsykkelselskapa får ein ikkje avslutta turen viss ikkje ein er parkert innanfor feltet.

– Fungerer rimeleg bra

Det er ved hjelp av geofencing ein klarer å avgrense kor dei skal parkere. Geofence er eit geografisk avgrensa område som blir definert av ei programvare.

Det vil seie at du ikkje får avslutta turen før du har parkert innanfor dette feltet.

Parkeringssonene har ikkje vore i byen lenge, men Heggestad har allereie eit godt inntrykk.

– Det ser ut som det fungerer rimeleg bra. Dei fleste elsparkesyklane står der ein ynskjer at dei skal stå. Det hadde vore mykje verre hadde dei ikkje vore her, forklarer Heggestad.

Foreløpig få byar

Prosjektet med eigne parkeringssoner for elsparkesyklar, er det til no berre Paris og Bergen som har. Bærum har òg eit prosjekt der ein parkerer el-sparkesyklane innanfor oppmerka sonar.

– Utfordringa i dag er at bybildet ikkje er tilrettelagt for eit nytt transportmiddel. Det ser vi tydeleg, da det ikkje har vore parkeringsplassar for elsparkesyklar, seier sjefen for Voi i Noreg, Christina Gjerde.

Christina Moe Gjerde, norgessjef Voi

POSITIV: Christina Gjerde er glad for at Bergen kommune var samarbeidsvillige

Foto: Sofie Knobel

Ho er sikker på at løysinga med parkeringssoner kjem til å spreie seg til fleire byar.

– Det er klart at elsparkesyklar har treft eit udekt behov for nordmenn. Det er om lag ti byar med elsparkesyklar i Noreg i dag, og eg trur det kjem til å auke i 2021.

Voi er blant selskapa som bruker geofencing, for å sikra at brukarane ikkje kan parkere utanfor parkeringssonene.

Omstridt framkomstmiddel

Tidlegare i år fjerna Bergen kommune fleire elsparkesyklar som dei meinte stod i vegen for fotgjengarar.

Byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke meinte at dårleg parkerte elsparkesyklar var til hinder for rullestolbrukarar, eldre og folk med barnevogn.

Arvid Heggestad seier at områda der parkeringssonene er plassert, er såkalla «døde areal», og vert ikkje brukt elles.

– Det som var fokuset når me valde ut desse plassane var at det ikkje skulle vera til hinder for å koma seg fram i byen, og det skal ikkje skape trafikkfare, seier Heggestad.

El-sparkesykler er parkert på oppmerket parkeringsplass.

INNANFOR SONEN: Viss du prøver å parkere utanfor dette feltet, får du ikkje avslutte turen.

Foto: Lidvard Sandven / NRK Hordaland