– Me vil ikkje at skulen skal leggjast ned. Her er ikkje mobbing, og her kjenner me alle, seier Andrea Våge Helland og Susan Rea Mathisen.
Sjetteklassingane er to av 27 elevar ved Selevik skule i Fitjar. Kommunen må kutta kostnader, og den vesle skulen er i fare.
Det hadde ikkje skjedd dersom innbyggarane i Fitjar hadde sagt ja til samanslåing med nabokommunen i 2016, hevdar ordførar Wenche Tislevoll (H).
– Krinsskulane hadde vore redda om Stord og Fitjar hadde slege seg saman.
BAD ORDFØRAREN OM MØTE: Andrea Våge Helland og Susan Rea Mathisen skreiv brev til ordførar Wenche Tislevoll og bad om eit møte for å spara skulen.
Foto: marte Rommetveit / NRKFrykta å bli «slukt»
Trass i varsel frå regjeringa om at kommunar som vert ståande åleine vil missa inntekter, valde fitjabuane å røysta nei. Samstundes aukar folketalet, og kommunen risikerer òg å mista småkommunetilskotet på nesten tre millionar kroner.
For å spara 15 millionar kroner i året, er kan leggja to av dei tre skulane i kommunen bli lagde ned. Det skal politikarane avgjera 17. oktober.
Frykta for å bli «slukt» av den langt større kommunen Stord, og mista tenestetilbod, var sentralt då innbyggjarane i Fitjar røysta nei til samanslåing.
No tyder mykje på at to skular blir borte – og det altså utan samanslåing.
MÅ SPARA: Ordførar Wenche Tislevoll (H) og Fitjar kommune må spara pengar, og vil leggja ned to av tre skular.
Foto: Marte Rommetveit / NRKHadde intensjonsavtale
Ordførar Tislevoll kjempa for samanslåing. Ho meiner avgjerda til eigne innbyggarar kan ha vore avgjerande for skulane si framtid.
– Punktet om desse skulane er kanskje eitt av dei viktigaste me forhandla fram i intensjonsavtalen. Der står det at krinsskulane skulle bevarast, seier Tislevoll.
– Så om skulane vert lagde ned, så er det noko fitjabuen burde ha visst?
– Dei visste i alle fall at det kunne vera ein konsekvens.
– Ingen bindande avtale
Tidlegare Fitjar-ordførar Harald Rydland (KrF) er ueinig med den noverande.
– Avtalen om at dei skulle berga grendeskulane i Fitjar, ser eg på som ei politisk viljeserklæring. Det er ikkje ein juridisk avtale.
For sjølv om avtalen slo fast at krinsskulane skulle sikrast så lenge det var grunnlag for det, var det ingen garanti mot at dei folkevalde kunne snu, meiner han.
– Det finst mange døme på korleis det går med slike viljeserklæringar når det knip økonomisk og kommunestyra må gjera vanskelege prioriteringar, seier han.
– EIN INTENSJONSAVTALE ER INGEN GARANTI: Tidlegare ordførar i Fitjar, Harald Rydland (KrF), er ikkje sikker på at krinsskulane i Fitjar ville overlevd sjølv om kommunen hadde slege seg saman med Stord.
Foto: Ingrid Hognaland / NRK– Tenk på oss
Dersom framlegget til skulebruksplan vert vedteke, må Andrea og Susan og dei andre på Selevik skule køyra buss i 40 minutt kvar veg til og frå skulen.
Elevane har ei klar oppmoding til politikarane.
– No vert det bygd nye hus her òg, og dei som skal bu der har jo òg ungar. Tenk på dei som bur her, seier dei.
- Les òg: