Hopp til innhold

Ingen kontrakt med United

Manchester United skreiv ikkje kontrakt med Even Hovland.

Even Hovland

Even Hovland har hatt eit fint opphald i England, men fekk ikkje signert kontrakt med Manchester United.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Even Hovland reiste heim utan ei kontrakt med verdstoppen Manchester United.

Even Hovland i samtale med fotballagent Jim Solbakken

Even Hovland i samtale med fotballagent Jim Solbakken

Hovland fekk kome tilbake til England og laget denne veka for treningsspel. Han var også i England før jul for trening med det verdskjende fotballaget.

-Det har vore kjekt i England og ei flott oppleving, fortel Even Hovland til sogndalfotball.no .

Manchester United er godt nøgd med det dei har fått sjå av Even står det på heimesida til klubben. United kjem til å følgje med på Sogndal og på U21-landslaget framover.

Laurdag spelar Hovland med sitt eige lag Sogndal mot Haugesund i Vestlandshallen.

- No gler eg meg til å møte lagkameratane mine og spele mot Haugesund, seier spelaren.

Even Hovland
Foto: Rune Fossum/NRK