Hopp til innhold

Hovland veit lite om opphaldet

Even Hovland seier han veit lite om kvifor Manchester United ville ha han over att på nytt treningsopphald.

Even Hovland

Even Hovland trena i dag med Manchester United, men hevdar han veit lite om storklubben si interesse.

Foto: NRK

Hovland har full forståing for at det er spekulasjonar kring opphaldet hos englands mestvinnande fotballklubb dei siste 20-åra. Sjølv hevdar han å ha lite kjennskap til opphaldet.

- Eg veit ikkje noko meir enn det du veit, at eg skal trene nokre dagar og heim att torsdag eller fredag. Eg fekk eit tilbod måndag kveld om å komme bort og trene eit par dagar, og vart samd med Sogndal om at det var greitt, seier 20-åringen til NRK.

Trena i dag

Hovland var onsdag gjennom den første treninga med A-laget. Til Sogndal fotball sine nettsider sa han tysdag kveld at han også skulle gjennom ei rekkje fysiske testar onsdag. Hovland seier det ikkje vart gjennomført testar.

- Eg trena med A-laget i dag. Vi var ikkje så mange, berre eit par spelarar som ikkje spelte kamp i går. Men det var godt å kome i gang. Eg skal trene med A-laget også i morgon, så veit eg ikkje kva som skjer vidare, seier Hovland.

- Ikkje uvanleg

Hovland var også før jul på treningsopphald med Manchester United. Ifølgje kjelder som NRK har vore i kontakt med på fotballøya, er det ikkje uvanleg at spelarar blir henta attende på nytt prøvespel. Men det understrekar også United si interesse for ein spelar.

- Kva seier det deg at dei no vil ha deg over på eit nytt, men kortare opphald?

- Det seier meg ikkje så mykje, seier Hovland ordknappt.

- For å trene

Uansett om United skulle ynskje Hovland som den åttande norske spelaren i klubben, tek Hovland det heile med knusande ro.

- Det får vi ta dersom den tid kjem, så det vil eg ikkje bruke tid på å tenke på no. Eg er her for å trene på eit høgare nivå enn det som er heime. Det er det viktigaste for meg. Men, det er ein fantastisk sjanse. Dei spelar i Premier League, og du får kjenne på nivået.