To veker har gått etter at sauene vart drepne – men ingen har sett fleire spor etter ulven

Statens naturoppsyn kan ikkje utelukke at sauene i Naustdal er drepne av hund, men dei er framleis rimeleg sikre på at det er ulv som har vore på ferde.

Kjetil Ullaland (t.v.) og odd Arne Hamre med daude sauer

TRIST SYN: Odd Arne Hamre (t.h.) og Kjetil Ullaland viser fram nokre av lamma som måtte gje tapt etter at ulven var på ferde i Naustdal. To veker seinare har ingen sett fleire spor etter rovdyret.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Vi har ingen grunn til å tvile enno. Men det er unormalt at vi ikkje har fått fleire skadar på sau i det same området, seier rovviltansvarleg Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn.

Sau drepen av ulv

KADAVER: Fleire av lamma til Odd Arne Hamre vart funne drepne.

Foto: Odd Arne Hamre

Det er snart to veker sidan sauebonde Odd Arne Hamre vart møtt av eit uhyggjeleg syn då han kom opp på stølen sin i Naustdal. Til saman fann han fire drepne lam og éin sau. I tillegg måtte han avlive fire skadde lam.

Kjenner seg trygg på at det var ulv

Hamre frykta det ville dukke opp meir av same slaget. Men det har førebels ikkje komme fleire rapportar om kadaver, observasjonar eller spor etter ulv. Likevel er Golf trygg på at det er ulv som har vore i området.

– Bitemønsteret er klassisk ulv – med bit i nakke og rygg med hjørnetenner godt nede på sida. Så det er ingen grunn til å tru noko anna enn at det var ulv og ikkje hund, seier Golf.

– Men de kan ikkje utelukke hund?

– Vi kan ikkje utelukke det, men dette er heilt typiske skadar etter ulv. Så det er mest sannsynleg ulv som har vore her, seier Golf.

TV-SAK: Det bonden fryktar mest har skjedd. Sauer og lam måtte gje tapt på beite.

Hadde rekna med fleire observasjonar

Sogn og Fjordane er prioritert beiteområde, og Fylkesmannen gav raskt skadefellingsløyve på éin ulv etter funna av sauekadavera i Naustdal. Løyvet går ut på måndag, og det lite truleg at ein vil klare å felle ein ulv innan den tid.

– Når ulven først har forsynt seg slik, så hadde eg rekna med at det ville bli funne meir. Men vi held oss til opplysningane om at det er ulv, seier Arve Aarhus.

Arve Aarhus

FELLINGSLEIAR: Arve Aarhus er ansvarleg for fellingsforsøket.

Foto: Privat

Han er leiar for fylkesfellingslaget, men har til no ikkje gjort noko anna enn å vente på nye rapportar om skade eller spor etter ulv. Jegerane må nemleg ha ferske observasjonar for å kunne starte målretta jakt. Aarhus poengterer at ulven kan ha vandra vidare.

Ventar svar på prøver av ekskrement

– Sjansane er størst for at skadegjeraren ikkje er i området lenger. Ulv på vandring brukar enorme område. Elles er det jo mogleg at det ikkje har vore ulv. Det er vanskeleg å skilje på skadar gjort av hund og ulv – sjølv om det her mest sannsynleg var ulv, seier han.

Statens naturoppsyn ventar framleis på analysane av noko avføring, som ein bonde fann ved eit kadaver i Naustdal. Det vil kunne gje endelege svar.

– Det er ikkje så uventa at vi opplever slikt som dette. Men det er interessant om vi klarer å stadfeste på andre måtar om det er ulv eller ikkje. Det vil alltid vere nokre usikkerheitsmoment rundt slike ting, seier Golf.