Hopp til innhold

Ingen bod på Fundo

Det har endå ikkje kome nokon konkrete bod på konkursråka Fundo Wheels i Høyanger. Det seier rådmann Arvid Lillehauge.

Fundo Wheels i Høyanger
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Bedrifta gjekk konkurs 12. Januar .

Bustyret sin leiar Knut Ro har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar, men hadde opphavleg sett ein frist til laurdag for å kome med bod.

Lillehauge seier det har vore interessentar og sett på Fundo, og at det truleg kjem eit par til denne veka. Han trur at det trengs minst ei veke på å få inn nye eigarar.

Banken har garantert for drift av Fundo fram til 12. februar.