Hopp til innhold

Spytter inn 25 millionar

Høyanger kommune vil ha nytt liv i felgfabrikken Fundo.

Dei siste felgane ved Fundo i Høyanger
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Høyanger kommune vil bruke 25 millionar kroner på å få i gang ny produksjon ved den konkursråka felgfabrikken Fundo.

Denne veka har representantar frå det franske selskapt St. Jean Industries vore og inspisert fabrikken .

Ordførar Kjartan Longva seier til Bergens Tidende at kommunen vil overta og ruste opp Fundo-bygget uavhengig av om felgproduksjonen vert ført vidare eller ikkje.