Hopp til innhold

Indisk variant av koronaviruset oppdaga i Bergen

Det er truleg det første tilfellet av varianten i Noreg. Den smitta personen er i isolasjon.

Mikrobiologisk avdeling. Mutantundersøkelser. Haukeland korona helse bergen

ANALYSE: Mistanken om at ein ny mutasjon var oppdaga i Noreg oppstod på torsdag. Fredag fekk mikrobiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus bekreftelsen.

Foto: Katrine Sunde / Helse Bergen

Det er Bergensavisen som melder at mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus har påvist den indiske varianten av koronaviruset i ein positiv prøve.

Det er den sokalla B. 1.617-mutanten som for første gong er oppdaga i Noreg, bekreftar avdelingssjef Elling UIvestad til NRK.

– Det er blitt ein del av jobben vår å leita etter desse virusvariantane. Så lenge Noreg er eit ope samfunn med innreise frå andre delar av verda, forventar me at me finn nye variantar heile tida.

Det var torsdag at mistanken kom. Bioingeniørane meiner dei hadde funne ein ny mutasjon i ein positiv prøve i Bergen.

– I dag har vi endeleg fått sekvensert viruset, og det viser seg å vera sokalla indisk variant. Den har vi ikkje sett i Bergen, og truleg heller ikkje i Noreg, tidlegare, seier Ulvestad til NRK.

Er i isolasjon

Han fortel at viruset er påvist hjå ein person som kom til Noreg og Bergen med fly.

– Pasienten som er bærar av dette viruset er i isolasjon, så dette har ikkje smitta vidare, seier Ulvestad.

Det er førebels usikkert kva eigenskapar denne varianten har. I India blir det sagt at mutanten er noko meir smittsam, ifølge Ulvestad.

– Men om den er meir smittsam i Noreg veit vi førebels ingenting om. Befolkningstettleiken er annleis her enn i India.

Elling Ulvestad

ANALYSERER PRØVER: Avdelingssjef Elling Ulvestad ved mikrobiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

«Dobbelmutant»

I mars publiserte BBC ein artikkel om virusvarianten, der det kjem fram at den indiske varianten er to mutasjonar i eitt og same virus.

Det er som kjend heilt normalt at det opphavlege koronaviruset stadig endrar seg i ulike variantar. Forskarar jobbar no med å kartlegge kva eigenskapar den indiske varianten har, til dømes om den er meir smittsam enn andre variantar.

Helsedepartementet i India har ifølge BBC gitt ein uttalelse om at ein slik dobbelmutant som dette kan vera meir smittsam.

Veit lite

Seksjonsoverlege Marit Ebbesen ved Haukeland universitetssjukehus seier tilfelle som er oppdaga i Bergen fredag, er sjeldan i europeisk samanheng.

– Vi veit at det har vore høg forekomst av denne varianten i India. I Europa er det påvist enkeltilfeller i fleire land, som Storbrittania og Tyksland. Men det er snakk om få tilfeller, så dette er eit sjeldan funn, seier Ebbesen.

Ho fortel at ho har leita i litteratur og sett etter forskingspublikasjonar om varianten, men det er så langt publisert lite.

– Det er så langt ikkje gjort studier på kva denne varianten vil ha å seie for vaksineeffekt, ei heller om den fører til meir alvorleg sjukdom. Så vi har ikkje kunnskap om det førebels, seier Ebbesen.