13 elevar stod ved skulestart på venteliste til allmennfaglina ved Måløy vidaregåande skule. Politikarane la i fjor ned ein av dei to klassane, og konsekvensen var altså at fleire Måløy-elevar i haust måtte flytte på hybel andre stadar i Nordfjord for å gå på allmennfag.
Godtok ikkje
Lokalsamfunnet ville ikkje godta dette, og skulen sa ja til å ta inn elevane og lova samtidig at det ikkje skulle koste fylkeskommunen ei einaste krone ekstra. Politikarane sa derimot nei.
Opprørt
Geir Oldeide, som representerer foreldra til dei 13 elevane som no må halde fram på Eid vidaregåande skule, er svært opprørt over opplæringsutvalet.
- Det er fryktelig skuffande. Det er rett og slett heilt utruleg at dei kan gjere dette, seier Oldeide.