– Eg er viss på at Tord Dale kjem til å fremje interessene våre på ein god måte, seier Støyva.
Sogndølen og Ap-politikaren Tord Dale bytte i går jobb då han måtte gå frå helsedepartementet til fiskeri- og kystdepartementet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Strie tørner for Nordfjord
VIL FREMJE FYLKET SINE INTERESSER: Tord Dale seier han skuldar nordfjordingane ei teneste.
Foto: NRKSjøfolk har i ei årrekkje kjempa for å få på plass den mykje etterlengta skipstunnelen ved Stad.
Ein tunnel her skal gjere til at båtane unngår det farlege Stadhavet, eit havparti som er frykta av mange for sine svært krevjande vêrtilhøve. Dei siste 20 åra har det vore 17 utgreiingar om ein eventuell tunnel.
Sogn og Fjordane Arbeiderparti har i fleire år vore klare på at tunnelen må byggjast Tord Dale seier han vil bruka sine kunnskapar om fylket til å fremja Sogn og Fjordane sine interesser. Men han vil ikkje seie sikkert om han personleg vil jobbe for skipstunnelen.
– Eg har den meininga som regjeringa til ei kvar tid har. Men eg må jo seie at eg skuldar nordfjordingane ei teneste etter strie tørnar om sjukehuset, så eg får ha det i bakhovudet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Glad for den nye posten til Dale
TRUR PÅ DALE: Nils P. Støyva trur Tord Dale vil vere til god hjelp for Sogn og Fjordane i Fiskeridepartementet.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRKStøyva er glad for at Fiskeridepartementet har fått ein statssekretær frå Sogn og Fjordane i Fiskeridepartementet.
– Vi har mange viktige saker her, som til dømes Stad skipstunnel som er i sluttfasen i forhold til utgreiing og vurdering. Det er ikkje mange dagar sidan eg diskuterte saka med Tord Dale, så eg trur han vil ta med seg Sogn og Fjordane sine synspunkt i dette arbeidet.