Hopp til innhold

Ikkje avgjort om mann blir sleppt fri etter alvorleg valdshending

Gulating lagmannsrett har i dag ikke som venta sagt ja eller nei til å varetektsfengsle mannen som er sikta for vald mot tre personar i Bergen sentrum natt til 18. mai.

Hordaland tingrett meinte det ikkje var gjentakingsfare og sa søndag nei til varetektsfengsling, men politiet anka dette til lagmannsretten.

Ein mann i 60-åra som prøvde å stoppe mannen, vart slått ned og fall med bakhovudet mot fortauet.

Mannen i 20-åra har erkjent skuld, og forsvararen hans Erik Mjelde meiner mannen heller bør bli lagt inn for psykiatrisk behandling.

Mannen sit fengsla fram til lagmannsretten behandlar anken.

Jourhavande jurist Lasse Solheim i Vest politidistrikt seier til NRK at ankeavgjerda truleg kjem onsdag.

Ein mann i 20-åra slår til ein mann i 60-åra på Strandgaten i Bergen natta etter 17. mai

Blei slått ned i Bergen: – Ser frykteleg stygt ut

Mannen i 60-åra har sett prov på kva som skjedde då han blei slått ned like etter 01.30 natt til 18. mai.