– Det kriblar godt etter å komme seg ut, seier Geir Henning Seljeseth som er reiar i Fanøyvåg.
Fiskebåtreiarane i fylket har lagt bak seg eit svært godt år. Eksporten har auka og inntektene til båtane har skote i vêret, mykje grunna svak krone og gode råvareprisar. Men ikkje alle har fått med seg oppturen.
- Les også:
Valde å bygge båt
Far og son Seljeset frå Batalden har ikkje fått med seg oppturen fordi dei satsa på å bygge ein ny båt – «MS Fanøyvåg».
– Det har vore kjekt å følgje med på oppturen til dei andre. Det viser at vi har satsa rett og til rett tid. Prisane har auka heile tida, så eg er spent på korleis det vil sjå ut resten av året.
Begge to er trygge på at investeringa i ny båt vil vere lønsam på sikt.
– Då vi bestemte oss for å bygge var torsken 12,5 kroner. No ligg den på 25 kroner kiloet, smiler Seljeset.
– Det lovar veldig bra. Vi håpar prisane vil halde seg stabilt høge. Vi treng nokre gode år for vi har eigentleg hatt sju dårlege år, så no treng vi sju gode år.
Formidabel prisauke på fisken
Ein som hugsar både oppturane og nedturane i fiskeriet er Johnny Seljeseth, far til Henning.
– Eg er veldig glad for utviklinga. Det såg skikkeleg mørkt ut ein periode med veldig dårlege prisar. Men no ser det likare ut. Det er positivt.
– De valde jo å bygge båt sjølv om de ikkje hadde sett oppturen då?
– Eg har sett både oppturar og nedturar. Så eg veit av erfaring at det er veldig dårleg ein periode, men så kjem det seg raskt opp att.
- Les også:
– Eit lykkeår for fiskerinæringa
Også for fiskesalslaga og reiarlaga har det vore eit godt år, fortel Magnor Åsebø som er direktør i Vest-Norges Fiskesalslag.
– Det har vore det desidert beste året vi har hatt. 2014 var eit rekordår på 496 millionar kroner. I 2015 hadde vi ein omsetning på 607 millionar kroner. så det er veldig bra.
– Sjølvsagt er vi fornøgde. Det er fiskarane og fiskarane som leverer i vårt område som skaper verdiane. Det ser ut til å bli eit kanonår for dei fleste, og eit lykkeår for norsk fiskerinæring.