Elevar skal få jakte på verdas dyraste fiskeslag

Elevar frå Måløy vidaregåande skule skal få prøve å jakte på den dyraste fisken i verda langs norskekysten i år.

MS Fiskebas

FÅR FISKE: Skulebåten MS Fiskebas frå Måløy er plukka ut til å bli med på årets prøvefiske etter makrellstørje.

Foto: Privat

Det er ikkje mange som kan kome på land og seie at dei har vore på makrellstørjefiske i Norge. Om vi får fiske, og om vi får fisk, så trur eg dette vil bli ei svært spesiell oppleving for dei som er involvert, seier Frode Kupen til NRK.

Han er styreleiar for opplæringsskipet MS Skulebas. For elevane på Måløy vidaregåande kan no få sjansen til å vere med på eit fiskeeventyr av dei sjeldne.

Nemleg å jakte på den ettertrakta makrellstørja, eller tunfisk som den også kallast utanfor Vestlandet. For Fiskeridirektoratet har gjeve dei den einaste forsøkskvotane til å ta kjempefisken med line i år.

Var ei stor fiskerinæring

– Det er jo veldig spennande, ikkje minst blei vi veldig stolte over at dei ser på oss som eit verdig fiskefartøy. Dette er jo noko vi har vi har jobba for ei stund, seier Kupen.

Frode Kupen

GODT NØGD: Styreleiar for MS Fiskebas, Frode Kupen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

No må skuleskipet vente i nokre veker før dei offisielt kan seie at dei kan starte opp. Makrellstørja har ikkje blitt fiska kommersielt i Norge på over 30 år, sjølv om ein fisk kan gå for fleire hundre tusen kroner. Det som ein gong var ein storindustri, forsvann frå kysten, mellom anna på grunn av overfiske.

Fekk ikkje fisk i fjor

Men Tore Hillersøy, fiskaren som var den einaste som fekk lov til jakte på tunfisk i fjor er skeptisk til om det blir nokon fangst i år.

– Vi var jo spente på det der og hadde litt tru på at vi skulle finne fisk. Men det er ikkje så enkelt for ein båt aleine å finne den fisken der. Då fisket var før i tida var det 50–60 båtar. Men eg gidd ikkje å kaste vekk ein halv million kroner for å leite etter det der, seier Hillersøy.

Tunfisk

ETTERTRAKTA: Makrellstørje, eller tunfisk som vanlegvis blir kalla, er ein svært ettertrakta fiskeart.

Foto: Tony Gentile / Scanpix/Reuters

– Med og tek eit ansvar

Men styreleiar Frode Kupen ved skuleskipet MS Skulebas er overtydd om at det er heilt rett av dei å bli med på fisket etter den ettertrakta fiskearten.

– Eg meiner at vi no tek eit ansvar for at vi skal vere med når dette løpet no startar igjen. Om det blir vellukka eller ikkje, det vil tida vise. Om det blir avgrensa fangst for nokon fartøy, og vi klarar å få ein fot innanfor, så synest eg miljøet på skulen har gjort ein god jobb, seier Kupen.