Hopp til innhold

Ida og halve Noreg vil til fjells – DNT legg vekk «madrass-ambisjonen»

Ein av to nordmenn vil gå i fjellet i sommar. Den Norske Turistforening svarer med å gje opp ambisjonen om å tilby ein madrass til alle som kjem.

Ida Alice Høyland i Fjellet

HJELPER: Ida Alice Høyland får meldinga av folk som vil ha tips og råd til sin ferie i Noreg. Bilete er frå Nordre Trolltind, Rauma.

Foto: Privat

– Det handlar om at eg trivst veldig godt i fjellet. Eg synest det er godt både fysisk og psykisk å vere der, seier Ida Alice Høyland.

Ho dokumenterer reisene sine på Instagram, og får stadig førespurnader av folk som vil ha tips og råd.

Stadig fleire førespurnader.

Ei ny undersøking frå NHO Reiseliv viser 7 av 10 nordmenn vil feriere i Noreg i sommar.

På same tid svarer 56 prosent at dei vil til fjells. Er det plass til dei alle saman?

Undersøkinga er gjort på vegner av Den Norske Turistforening (DNT), som på grunn av smitteverntiltaka berre har 70 prosent kapasitet på hyttene sine.

– Sidan det er mindre kapasitet på DNT-hyttene vil vi sterkt oppfordre norske turistar til å tenke alternativt om overnatting, seier Audun Pettersen, avdelingsleiar for reiselivsutvikling i Innovasjon Norge.

Han presiserer:

– Eg er glad i det tilbodet DNT tilbyr, men det finst også mange andre spennande alternativ rundt om i landet.

Ida Alice Høyland klatrer i fjellet

MÅNDALEN: Ida Alice Høyland trivs på fjellet. Det gir ho meistringskjensle å prøve seg på utfordrande turar. Bilete vart teken i Svartvasstind, Måndalen.

Foto: Privat

– Fleire må belage seg på å bu i telt

– Fleire må belage seg på å bu i telt eller finne andre overnattingsstader enn DNT, seier leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven.

Hyttene deira følger same praksis med smittevern som i fjor, sjølv om talet på fullvaksinerte gjer at dei kunne opna meir opp.

– I 152 år sa vi alltid hjarteleg velkommen og at du skal få ein madrass. No seier vi at du må bestille i forkant, seier generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang.

I fjor sommar var det fleire tilfelle der «villcamping» sette allemannsretten og lokale omsyn opp mot kvarandre.

Helene Ødven oppfordrar fjellfolket til å vandre utanfor «allfarveg».

– Det er mykje snakk om Besseggen og Lodalen. Det finst mange enkle og fine turmål i skuggen av desse, seier ho.

Ho legg til at det berre er to av hyttene i deira distrikt – Skålabu og Kiellandsbu – «kor det er mykje booking allereie».

Illustrasjonsbilde

TIDLEG UTE: Interessa for Ferie i Noreg har auka, medan kapasiteten på turisthyttene er mindre. No ber DNT folk om å vere tidleg ute med å bestille opphald på turisthyttene.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

– Det er framleis plass, også i fjellheimen

Næringspolitisk fagsjef i NHO Reiseliv, Ole Michael Bjørndal, trur turistane som strøymer til fjells vil finne seg tak over hovudet. I år som i fjor.

– Eg trur dette skal gå veldig bra, og synest det er gledeleg at svært mange ønsker å nytte norsk natur og reiseliv til ferien og at enda fleire får oppleve kor nydeleg det er i vårt eige land.

Det same seier Astrid Bergmål, leiar i Virke Reiseliv.

– Det er framleis plass, også i fjellheimen.

Ho legg til:

– Norske reiselivsbedrifter er godt førebudd på å ta imot gjester, sjølv om det framleis er restriksjonar og avgrensingar.

Dag Terje Klarp Solvang

HÅPEFULL: Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang håpar folk har fått auga opp for Noreg, og vil halde til fleire feriar her, òg når pandemien er over.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT