Hopp til innhold

Sveltestreikar i protest mot sommel frå UDI

24 syriske asylsøkjarar i Høyanger har starta ein sveltestreik i protest mot at dei kanskje må vente i fire år før dei får svar på asylsøknaden sin. Vi vil jobbe eller gå på skule, ikkje vere passive, seier dei streikande.

Hasan Bakir i Høyanger

VIL HA SVAR: Hasan Bakir (17) er ein av dei som har starta sveltestreik mot UDI si lange saksbehandlingstid.

Foto: Arve Ullebø

Det er avisa Firda som først melde dette tysdag ettermiddag.

– Vi har starta denne aksjonen som ein protest mot at vi må vente så lenge på å få eit svar frå styresmaktene, seier 17 år gamle Hasan Bakir på flytande engelsk til NRK.

Han er ein av dei 24 som no har bestemt seg for å setje hardt mot hardt mot UDI, med sterke krav om at dei – og andre flyktningar og asylsøkjarar må få raskare svar på søknadane sine.

– Eg har mista to år av mi utdanning og mi ungdomstid med krigen i Syria. Folk i Høyanger har teke imot oss på ein svært hyggeleg måte, men vi kan ikkje berre sitje her passive og vente utan at noko skjer, seier Bakir.

Avisa Firda skriv at det vil kunne ta opp til fire år å få behandla dei asylsøknadane som no ligg på bordet til UDI.

Sveltestreik blant syrarar i Høyanger sentrum

TYDELEG MARKERING: Bodskapen til syrarane er vanskeleg å ta feil av.

Foto: Arve Ullebø

Leverte bankkorta til politiet

Han uttalar seg til NRK på vegner av den store gruppa, og kan også fortelje at dei for åtte dagar sidan også leverte inn bankkorta sine til lensmannskontoret i Høyanger.

– Dette er for å markere at for nokon av oss så er ei "månadsløn" på 2200 kroner ingenting å leve av. Ein av mine vener måtte ta ein operasjon på sjukehuset i Førde. Det kosta han over 1000 kroner i eigendelar, då hadde han knapt noko igjen å kjøpe mat for.

Men det er først og fremst som ein protest mot saksbehandlingstida til UDI at dei no har vald å setje seg saman i Høyanger sentrum for å sveltestreike.

Det er ramadan, og såleis ville mange uansett ha vald å halde seg utan mat å drikke på dagtid. Men dette gjeld heile døgnet, til dei får svar frå UDI, slår Bakir fast.

– Men forstår de at dette kan vere svært helseskadeleg?

– Ja, absolutt. Men det går ei grense for kva vi skal tole av venting, seier Bakir.

Forstår frustrasjonen

Direktør for UDI Vest, Sissel Mehammer, seier at ho har forståing for at bebuarane på mottaket i Høyanger er frustrerte over den lange ventetida.

– Men vi tykkjer at sveltestreik er eit beklageleg middel å bruke. Det fører sjelden så mykje godt med seg og kjem ikkje til å bety noko for saksbehandlinga, slår ho fast tysdag kveld.

Ho peikar på at det er sett på mange nye sakshandsamarar for at ventetida skal gå ned, både i høve det å kome til intervju og det å få avgjort søknaden.

– Det er jo slik at med såpass mange søkjarar som kom i fjor haust, så har det hopa seg opp ein del. Det tek lengre tid enn tidlegare å få gjennomført alle intervju, og behandle alle sakene, seier Mehammer.