Hopp til innhold

Slik ventar han på si livs viktigaste avgjerd

FØRDE (NRK): Over 1.000 syrarar i Norge har venta i over åtte månader utan å få ei einaste samtale med dei som skal vurdere om dei får opphald. No lovar UDI fortgang.

Jwan Allo fiskar i Førde

VENTAR: Jwan Allo (30) frå Syria har venta i ni månader og to dagar på asylintervju. Han fiskar nesten kvar dag for å få dagane til å gå.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– Det verste er å ikkje vete kva som skjer. Det er tøft å ikkje vete kor eg er om eitt år, seier Jawn Allo frå Syria.

Han står på kaia i hamna i Førde. Fiskestonga han held i handa, ser velbrukt ut. Dette har han gjort nesten kvar dag i ni månader. Med eit liv på vent, er det slik han får dagar og timar til å gå.

Sjå oversikt over kor lenge ulike grupper har venta på intervju nedst i saka.

– Gjer ingenting

30-åringen kjem frå Aleppo i Syria. Byen var den største i Syria før landet blei råka av krig. Då budde over to millionar menneske i byen, som hadde eit av Midtausten sine største universitet.

Her utdanna Allo seg til å bli mekanisk ingeniør før han flykta til Norge.

– No gjer eg ingenting, men får likevel pengar. Det får meg til å kjenne meg dårleg.

30-åringen bur i Førde saman med kona og fem andre syriske par.

– Det er trongt, men vi kan ikkje klage. Vi er trass alt heldige som er her.

1092 på vent

Mor, far og systera hans er framleis i Syria. For Allo er livet på vent. Han tykkjer det er vanskeleg å ikkje vete om han skal tilbake, eller om han får bli i Norge.

I tillegg til han, har 1092 vaksne syriske flyktningar i Norge venta i over åtte månader på eit intervju med utlendingsmyndigheitene, viser ferske tal frå UDI.

Der er den første samtala asylsøkjarane har med norske styresmakter, og grunnlaget for vedtak om vidare opphald.

Tidlegare denne månaden sveltestreika 24 syriske asylsøkjarar i Høyanger mot lang ventetid for asylintervju.

– Tek for lang tid

Tor-Magne Hovland, assisterande direktør i asylavdelinga i Utlendingsdirektoratet (UDI) vedgår at asylsøkjarane har venta for lenge.

Tor Magne Hovland, UDI

HAR FORSTÅING: – Det er ikkje greitt at over 1000 personar har venta i over åtte månader. Ventetida burde vore kortare, seier Tor-Magne Hovland i UDI.

Han forklarar den lange ventetida med den store flyktningstraumen som kom til Norge i fjor haust.

– Vi har full forståing for at dei blir utolmodige. Dette er menneske som ønskjer å kome seg vidare i livet.

Men no lovar UDI fortgang.

– Vi har tilsett 200 nye saksbehandlarar og reknar med å vere ferdig med dei aller fleste sakene innan utgangen av året.

– Blir desperate

Ann-Magrit Austenå, generalsekretær i Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS),

 Ann-Magrit Austenå

PÅ TIDE: – Det er ei absolutt minimum å bli ferdig med desse sakene innan 2017. Det har teke for lang tid, seier Ann-Magrit Austenå i NOAS.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

fryktar den lange ventetida skapar ein manglande tillit til asylsystemet.

– Fleire blir desperate og gjer ting som å sveltestreike. Dei har allereie mista fleire år av livet i krig. Så kjem dei hit og mistar enno meir tid.

Om to månader får Allo og kona sitt første barn. Allo håpar han har fått møte norske myndigheiter innan sonen blir fødd.

– Eg håpar han slepp å bli fødd inn i uvissa og at vi kan byrja på livet vårt i Norge før han kjem.

Vaksne som ventar på intervju hos UDI (23. juni 2016)

Ventetid fra søknad i måneder

Under 4 måneder

4-5 måneder

6-7 måneder

8-9 måneder

Over 10 måneder

Totalt

Irakere

16

8

280

388

7

699

Iranere

9

19

440

184

1

653

Afghanere

9

19

108

92

19

247

Etiopiere

24

14

77

81

29

225

Sudanere

4

4

10

37

4

59

Somaliere

20

4

9

15

7

55

Eritreere

35

1

0

6

6

48

Syrere som venter på intervju hos Politiets utlendingsenhet

0

0

465

1040

52

1557

Ekspander/minimer faktaboks