Hopp til innhold

I krisetider må bønder tenkje nytt: Her satsar dei på eksotiske frukter

Eit varmare klima byr på mange utfordringar, men også mogelegheiter. I Lærdal satsar bonden Ivar Petter Grøtte både på fersken og aprikos.

Ivar Petter Grøtte, bonde i Lærdal.

OMSTILLING: Ivar Petter Grøtte frå Lærdal byrja med eksotiske frukter for å møte klimaendringane.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ei duft som er mest vanleg i Tyrkia, finn du heilt inst i Sognefjorden.

Nærmare bestemt: Lærdal.

Der har bøndene, mellom stupbratte fjell med snødekte toppar, begynt å dyrke varmekjære frukter.

Hjå Grøtte blømer aprikostrea. Frukta det er mest vanleg å dyrke langs Middelhavet.

Aprikosplante i Lærdal.

APRIKOS: Lukkast bonden med denne planten vil den vere full av oransje aprikos i august.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

– Det er moro å gå i litt andre retningar. Ta risikoen og teste noko nytt. Aprikosen ser ut til å fungere, så no prøvar eg meg vidare med fersken, seier Ivar Petter Grøtte, bonde i Lærdal.

Årsaka til at dei har byrja med eksotiske frukter er klimaet i bygda.

– Vi merkar at det blir varmare, seier Grøtte som har henta inspirasjonen frå studieturar til utlandet.

Ifølge Lærdal Grønt forventar produsentane i Lærdal til saman 4,5 tonn aprikos i år.

Viktig å omstille

Denne måten å tilpasse seg eit klima i endring har fått den årvisse Klimakonferansen på Vestlandet til å ta turen til Indre Sogn.

– Vi ønsker å vise at jordbruksskular, bønder og produsentlag verkeleg tar klimautfordringane på alvor, og jobbar kvar dag for å tilpasse og omstille seg, seier Lisbeth Dahle, lektor ved Høgskulen på Vestlandet, som er med å arrangere konferansen.

Klimakonferansen på besøk hos Ivar Petter Grøtte i Lærdal.

FASINERT: I slutten av april var den årvisse klimakonferansen på rundtur i Indre Sogn. Tema for konferansen var matsikkerheit, klima og energi.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Ho får støtte frå klimadirektøren i Bergen kommune.

– Ting skal gå i kretsløp og vi skal bruke det vi har. Vi må bruke naturen som skal bidra til å vinne karbon. For at den skal gjere det, spesielt på jordbruksområdet, så er det veldig viktig å halde drift, seier Stina Ellevseth Oseland.

Større utfordringar

Sjølv om eit varmare klima gjev grobotn for nye frukter, byr det og på større utfordringar

I 2014 blei Grøtte og fleire i Lærdal råka av eit brutalt ekstremvêr. Det bøtta ned med vatn og snø i fjellet som førte til ein forrykande flaum. Vassmassane øydela ein heilt nyplanta morellebærhage, eit bringebærfelt og halve aprikosfeltet.

Flaum - Lærdal

STORFLAUM: I 2014 miste fleire i Lærdal avlingane som følge av ekstremvêret. Med ein grunntemperatur som er på veg oppover vil Noreg bli meir utsett for ekstremnedbør og flaumar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Med det vêret vi har er det difor viktig med dyrking rundt om i heile Noreg. Det tek vekk litt av klimarisikoen dersom det blir tørke eller store nedbørsmengder ein stad.

Viktig å ikkje legge ned

Ein anna som har sett moglegheiter for å dyrke frukt er bonden Eyvind Reme.

I Innvik i Nordfjord har han 20.000 frukttre og 30 mål med bringebær.

– Det er eit veldig bra klima for dette her i Innvik. Kanskje det beste i landet, seier Reme.

Sjølv slutta han i jobben offshore for å satse på jordbruket.

Eyvind Reme frå Innvik.

SATSAR: Eyvind Reme utnyttar klimaet i Innvik til å satse på frukttre og bringebær.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Styreleiar for Innvik Fruktlager, Steinar Dvergsdal, trur andre bygdelag også har potensial til same drift.

– Det kan absolutt vekse fram andre stadar, men det må vere eit miljø for det. I tillegg spelar klimaet inn, og her i Nordfjord har vi eit godt klima og jordsmonn for dyrking.

Carlo Aall, klimaforskar i Vestlandforsking, fortel at det vil vere eit større behov for auka matproduksjon i Noreg framover fordi vi kjem til å få ein meir utrygg global matproduksjon.

– Den viktigaste endringa med norsk jordbruk i klimasamansetning er å sette ein absolutt stopp for nedbygging av dyrka mark og anna mark som er viktig for matproduksjon.

– Så må vi organisere økonomien slik at ikkje bønder legger ned og sluttar.

Les også Bøndene krever rekordhøye 11,5 milliarder kroner

Hans Olav og Maren Grini i Veldre i Ringsaker har skyhøye forventninger til jordbruksoppgjøret.