Hopp til innhold

I denne vestlandsbygda vakna dei til høgare temperaturar enn i Roma

Fønvind gav rause temperaturar på nordvestlandet onsdag. – Det var eigentleg varmare ute enn inne, seier Marie-Johanne Folven i Oppstryn.

Oppstryn

VARMT: Det var ei mild natt til onsdag på Greidung i Oppstryn i Stryn, med 15 varmegrader. – Frisk søraust fønvind med enkelte harde kast. Snøen har forsvunne utanom fonnene, fortel Marie-Johanne Folven.

Foto: Marie-Johanne Folven

Då ho la seg tysdag viste gradestokken hennar 15 varmegrader. Onsdag morgon hadde ikkje kvikksølvet flytta stort på seg.

Til samanlikning var det under ti grader både i Roma og Paris.

– Det er slik temperatursvingingane er her, både haust og vår, seier Marie-Johanne Folven.

Marie-Johanne Folven

VAND: Det var nesten varmare ute enn inne, men likevel ingen morgonkaffi på altanen. – Det bles godt, og då fyk alt, humrar Marie-Johanne Folven.

Foto: Privat

Når NRK snakkar med henne i ti-tida er temperaturen meir enn halvert.

– Det var 15 grader, fønvind og enkelte kraftige vindkast klokka sju. No er det sju grader og pøsregn.

Varmaste på 30 år

Nordvestlandet legg bak seg eit varmt døgn. Øvst på statistikken tronar Tafjord i Norddal kommune på Sunnmøre. 16,8 varmegrader er det varmaste som er målt der i mars, sidan rekordmålinga 19. mars 1990 (18,1 grader).

Historisk er målinga den fjerde varmaste som er gjort sidan målinga i Tafjord starta i 1939.

Sju varmegrader i Oppstryn

RASKT NED: I løpet av tre morgontimar gjekk kvikksølvet frå 15 til kring sju varmegrader hos Marie-Johanne Folven.

Foto: Marie-Johanne Folven

Også i høgfjellet, der det vanlegvis plar vere minusgrader, var det i morgontimane raude grader.

  • Sognefjellet, 0 grader
  • Filefjell, 8 grader
  • Hemsedalsfjellet, 5 grader

Vakthavande meteorolog, Magni Svanevik, seier at dei høge målingane skuldast fønvinden.

– Det er veldig varm luft i høgda som blir slått ned i dalområde med store høgdeskilnader. Lufta blir varma opp på veg ned, seier Svanevik.

Kraftige vindkast

Tafjord, som er omringa av fjell på over 1500 m høgde, er ein kjend plass når det gjeld fønvind. Også Åndalsnes hadde 16 grader onsdag morgon.

I Sogn viste gradestokken 13 grader i Øvre Årdal, og 12 grader i Lærdal.

– Ein får ofte fønvind-effekten når vindretninga er søraust og aust. Det var den då vi målte dei høgste temperaturane i Tafjord. Samstundes målte vi også dei kraftigaste vindkasta i den perioden, held Svanevik fram.

Varmare enn Spania

Dei kraftigasta vindkasta i Tafjord målte 19,7 sekundmeter. Under halva av registreringane ved Kråkenes i Kinn, der vindkasta har ligge på 35–40 sekundmeter sidan måndag.

Nesten 17 varmegrader i mars, er likevel eit godt stykke frå «noregsrekorden». For nøyaktig sju år sidan målte Bø i Telemark 23,2 grader. Året før vart det målt 23,1 i Landvik på Sørlandet.

Om det ikkje akkurat var sydentemperaturar, så gjorde varme luftmassar at mange på Nordvestlandet vakna til ein varmare onsdag enn mange i Sør-Europa.

– Ved første augekast er det kanskje sørkysten av Spania og Portugal som liknar mest på Noreg. Der er det 15–16 grader no, seier Svanevik.

Varmare enn mange andre europeiske land

VARMT: Noreg var onsdag morgon varmare enn mange stader i Sør-Europa.

Foto: Meteorologisk institutt

I tillegg til fønvinden forklarer klimavakt Reidun Skaland dei noko uvanlege temperaturskilnadane med eit stillesittande høgtrykk søraust for Noreg.

– Høgtrykket dyttar lågtrykka vest for oss og har gjeve plass til ei atmosfærisk elv som har ført med seg varme og fuktigheit oppover til oss. Dette har gjort det både mildt, vått og vindfullt langs kysten av Noreg, seier ho.

Vått døgn i vente

Mdan regnet bøtta ned i Nordland siste døgnet , har kraftig vind prega Nordvestlandet.

På Strynefjellet bles to vogntog over ende måndag. Då det nesten var berga tysdag, bles det igjen over ende, melder Fjordingen.

– Vi har hatt ute farevarsel for kraftige vindkast utsette stader i Sogn og Fjordane. Vinden minkar til skiftande bris i føremiddag, seier Svanevik.

Så blir det vått. Frå Stavanger i sør til Kristiansund i nord kan det kome 40 til 60 millimeter nedbør dei neste 24 timane. Det blir framleis høge temperaturar, 7–10 grader, slik at det vil regne høgt til fjells. Med andre ord er det berre å finne fram støvlar, paraply og sydvest.

– Det blir ein god del regn, som vil halde fram første del torsdag, seier Svanevik.

Laster Twitter-innhold