Hopp til innhold

Kraftige vindkast tok to vogntog på Strynefjellet

– Det er godt at det ikkje gjekk liv med, seier bilbergar Jan Bernhoft i Jan's Bil. Måndag la ei kraftig vindkule to vogntog over på sida på Strynefjellet.

Vogntog velta i kraftig vind på riksveg 15 over Strynefjellet.

PÅ SIDA: Med kring femti meters mellomrom ligg to vogntog på sida på Strynefjellet. Berre det eine vogntoget er synleg på Statens vegvesen sitt webkamera.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Sjølv var bilbergaren på veg for å berge eit norsk vogntog som vinden tok tak i førte av vegen.

Men allereie før han var komen fram, hadde vinden lagt det over på sida kring 100 meter frå innkøyrsla til Oppljostunnelen. Til alt hell vart ingen skadde.

Jan Bernhoft

KRAFTIG VIND: – Når vinden slår i fjellet og ut att, slik som måndag, då kan det bli ille. Eg har vore med på at bilar og campingvogner blir kasta av vegen på sommaren, seier bilbergar Jan Bernhoft i Stryn.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Føraren sat i hytta, medan to leitte etter slepekroken i fronten. Den er vanlegvis på venstre sida. Då vindkula kom, drog den eine den andre med seg for å komme unna, fortel Jan Bernhoft.

– Reine ragnarok

Den norske føraren vart berga ut gjennom takluka. Dei tok ikkje sjansen på å opne dørene i tilfelle ei ny vindkule.

Den norske føraren fortel til Fjordingen at køyreturen over fjellet mot Stryn gjekk fint til han passerte Geirangerkrysset. Då var det som om det sa «pang».

– Det var reine ragnarok til vindkast. Vegen var glattpolert og eg bles rett og slett av vegen, fortel han til avisa.

La seg over autovernet

Bernhoft fortel til NRK at han tidleg forstod at det ikkje var forsvarleg å starte noko bilberging. Han har drive bilberging på fjellet i over 40 år.

– Skulle det skje noko, og du får noko på deg eller i hovudet, så er du ferdig, seier han.

For måndag «var han frisk» på Strynefjellet.

– Det friskna meir og meir på medan eg stod der. Vi prøvde å få av garde ei kolonne på fem bilar. Ein av dei var ein russar, som følgde med men så vart ståande. No ligg den kvelva på autovernet kring 50 meter nærare Geirangerkrysset, seier bilbergaren.

Vindfulle dagar

Statsmeteorolog Kristin Seter fortel at det ikkje berre er på Strynefjellet det har vore kraftig vind siste døgnet. Enkelte stader kan også tysdag og onsdag vere budd på kraftig vind.

Meteorologane varslar også kraftige vindkast på gult nivå for Sogn, Fjordane og Møre og Romsdal.

– Bur du på vindutsette stader, så er det heller ikkje trygt, seier ho og fortel at det tysdag morgon bles sørleg liten storm utsette stader.

– På kysten og i fjellet bles det full storm. Kring Stad er det storm, seier ho.

Vinden gir også betydeleg snøskredfare fleire stader på Vestlandet både tysdag og onsdag.

– Onsdag blir det framleis mykje vind, men det vil minke utover føremiddagen. Når vi kjem til kvelden blir det nesten ikkje vind, seier ho.

Påverkar trafikken

Enn så lenge kan ein altså bu seg på trøbbel både i kysten og i fjellet. Uvêr påverkar fleire fjellovergangane:

  • Rv 13 Vikafjellet: Stengt. Venta opna torsdag 26. mars kl. 16.
  • Rv 15 Strynefjellet: Stengt

Også på sjøen fører vinden til problem.

  • Kystvegekspressen Måløy-Florø kansellerte 0830-avgangen frå Florø og 1020-avgangen frå Måløy.
  • Ekspressbåten Nordfjordruten stopppar i Florø på veg nordover. Det betyr at sørgåande rute ikkje går frå Selje, men frå Florø klokka 17.