I dag blir det blålys, sirener og våpen på Jølster

– Det blir realistisk, seier politiførstebetjent Marius Hatle om øvinga som i ettermiddag finn stad på Jølster.

Væpnet politi, politibil

VÅPEN: Øvinga på Jølster er ei av fleire som vil bli gjennomført i fylket gjennom året.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

For i dag blir det blålys, våpen, brannkorps, politi og ambulanse i området rundt hotellet på Skei.

Men sjølv om det blir action, publikum treng ikkje uroe seg.

– Vi skal trene samhandling ved akutte hendingar. Publikum vil frå 17-tida og utover sjå utrykkingskøyring og væpna politi, seier Marius Hatle ved Vest politidistrikt.

Politiet trenar mykje meir på skyteoppdrag enn tidlegare. 
22. juli har også aktualisert behovet for meir samarbeid mellom etatane.
For første gong har alle naudetatane i Ålesund ei stor øving saman for å takle eit skytedrama.

ØVING: Denne videoen er frå øvinga til naudetatane i Ålesund.

Naudetatane skal øve på Nasjonal prosedyre for naudetatanes samvirke ved pågåande livstruande vald (PLIVO). Ein prosedyre som dukka opp etter 22. juli, og fleire andre episodar der det har vore livstrugande vald.

Prosedyren er utvikla i eit samarbeid mellom politiet, helsetenesta og brann- og redningstenesta.

I alt vil kring 50 personar øve i fullskala rundt hotellet på Skei.