Fylkesmannen og Flora kommune er blitt samde om to hyttefelt i Stavang.
Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen hadde reist motsegn mot dei to hyttefelta.
No blir det eine feltet redusert noko. I det andre feltet skal det ikkje byggjast hytter nærare enn 30 meter frå sjøen.