Hopp til innhold

Hyttefolk får ikkje bruke hytta – no spør fleire om dei slepp skatt og avgifter

Kommunar blir nedringt av hytteeigarar som forhøyrer seg om tilbakebetaling av eigedomsskatt og kommunale avgifter. Fylkesmannen ber om ro.

Hemsedal har store inntekter på sine mange tusen hytteeiere, men vil ikke ha dem der nå

HYTTEBRUK: Både her i Hemsedal og på Voss har kommunen fått spørsmål om kva som skjer med skattar og avgifter no som hyttefolket ikkje får bruke hyttene sine under koronakrisa.

Foto: Halvard Alvik

Det skapte stort engasjement då folk reiste på hytta si i helga, og hyttekommunar bad folk halde seg unna for å hindre at helsevesenet der blir belasta.

Det fekk helseminister Bent Høie til å true med gjere det straffbart å vere på hytta, om folk ikkje dreg heim og ringjer kommunen for å be om unntak.

No fortel fleire hyttekommunar at dei har fått spørsmål frå hytteeigarar om dei kan få tilbake eigedomsskatt og kommunale avgifter når tiltaka mot koronaviruset er i kraft.

– Dette belastar kommunane på ein uheldig måte når dei no står midt i ei smittevernkrise, seier assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid i Vestland fylke.

– Vi har ei sterk oppmoding til hytteeigarar: Vent med spørsmål om bruk av hytta og om avgifter til smittesituasjonen har roa seg, seier han.

Assisterande fylkesmann i Vestland, Gunnar O. Hæreid

BER FOLK VENTE: Assisterande fylkesmann i Vestland, Gunnar O. Hæreid

Foto: Kaia Viki / NRK

Ordførar: – No må vi ta ein for laget

Voss herad er ein av kommunane der dei har merka auka pågang frå hytteeigarar med spørsmål om både avgiftskutt og hyttebruk.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb seier folk no må fokusere på det som er viktig.

– Eg vil rose alle hytteeigarar som har teke til etterretning at dei skal reise heim. Eg håper dei har fokus på at dei skal tilbake her seinare, heller enn å ha fokus på at dei ikkje får vere på hytta i krisetider.

– Burde ikkje folk få tilbake pengar når dei ikkje er på hytta?

– Det er ikkje ein ferie vi har. Vi skal vere heime for å unngå smittespreiing og for å sikre beredskapen til alle. Då må vi vere tydeleg på det, og for dei aller fleste hytteeigarar er ikkje dette eit tap.

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar voss

HYTTEKOMMUNE: Hans-Erik Ringkjøb er ordførar i Voss herad.

Mange tykkjer det er urettferdig

Også i den store hyttekommunen Hemsedal har ordførar Pål Terje Rørby fått mange telefonar siste dagane.

Han meiner det er forståeleg at dei får spørsmål om avgifter og skatt, for dette er første år kommunen har eigedomsskatt på fritidsbustader.

– Folk tykkjer det er urettferdig når dei blir tilrådd å ikkje bruke hyttene sine. Alt dette har vi god forståing for, og vil gjere tiltak som er rettferdige på sikt.

– Har de snakka med folk som ikkje vil betale?

– Nei, ikkje så direkte. Dei fleste har stilt spørsmål ved det og meiner det er urimeleg å be om. Men førebels veit vi ikkje om dette er snakk om dagar, veker eller månader, så situasjonen er veldig uavklart.

– Vent med det som kan vente

Gunnar Hæreid hos Fylkesmannen trur det er vanskeleg for folk flest å ha oversikt over kva kommunane står i no.

– Det er å ikkje belaste kommuneadministrasjonen med spørsmål som kan vente, om det no gjeld bruk av hytter, avgifter eller andre ting. No er det handtering av smitte som har førsteprioritet for kommunane og staten, seier han.