Hopp til innhold

Hypokonderlege misbrukt i Facebook-svindel

Falske, digitale arrangement har blitt eit aukande problem. Seinast i helga hadde fleire tusen nordmenn meldt seg på eit falskt foredrag med hypokonderlege Ingvard Wilhelmsen.

Lindmo

KJEND FJES: Ingvard Wilhelmsen er ein norsk lege og professor med hypokondri som spesialfelt. Då han var gjest hos Lindmo i mars snakka han om helseangst i koronatida.

– Då eg såg at mitt namn var involvert, så vart eg litt oppgitt. «Kva er det dei held på med no, kva er dette for noko og skal dei lure folk?», seier den norske professoren til NRK.

Ingvard Wilhelmsen er kjend som «hypokonderlegen». Gjennom mange år har han fått eit stort publikum etter å ha skrive fleire bøker og halde foredrag om temaet.

Under koronapandemien har han likevel avlyst fleire av foredraga sine med fysisk oppmøte på grunn av koronarestriksjonar.

Det har opna for at frekke svindlarar har kopiert informasjonen frå originale arrangement på Facebook, for å så oppretta falske arrangement der det blir lova gratis, digitale og direktesende foredrag.

  • Det er ved første augekast ikkje lett å sjå at desse to arrangementa er falske:
Ingvard Wilhelmsen

MISBRUKT: Det er oppretta fleire falske arrangement på Facebook, der svindlarar lovar gratis, direktesende foredrag. Dette er falskt.

Foto: Skjermdump

Falskt arrangement med hypokonderlege

IKKJE LETT Å SJÅ: Også dette arrangementet er svindel.

Foto: Skjermdump

Vart bedne om å gi kortinformasjon

Seinast i helga var fleire tusen nordmenn klare for å lytte til den populære hypokonderlegen.

Men då foredraget skulle starte, vart det lagt ut ei lenkje til ei anna nettside der ein vart bede om å registrere seg og etter kvart gi opp informasjon om bankkort.

Ved første augekast ser foredraget heilt vanleg ut med bilete og sitat av legen. Det ser ut som det er nordmenn som arrangerer, og mange nordmenn har sett seg som «interesserte».

Men ved nærare ettersyn ser ein at ein av arrangørane ei falsk fangruppe av Wilhelmsen.

– Det er utruleg ubehageleg for det er sånne «skrytesider», kan det verke som. Det er ikkje så gøy. Det er nesten flaut, seier Wilhelmsen.

Nytt «foredrag» i kveld

Problemet starta i sommar. Då var det svindlarar frå India eller Bangladesh som stod bak, ifølgje legeprofessoren.

– Den siste veka har det teke seg veldig opp igjen, med falske seminar der folk kan logge seg inn. Problemet er jo at nokon truleg gir dei kortopplysningane sine.

71-åringen veit ikkje kor mange som er råka av svindelforsøket.

No er det oppretta eit nytt arrangement som tilsynelatande skal haldast digitalt på Facebook tysdag kveld.

Over 3000 personar har oppgitt at dei er «interesserte» i foredraget.

Leder Veronica Søilen Halhjem for marked og kommunikasjon ved Oseana Kunst og Kultursenter.

FENOMEN: Svindel er eit fenomen blant heile Kultur-Noreg fortida, seier leiar Veronica Søilen Halhjem for marknad og kommunikasjon ved Oseana kunst og kultursenter.

Foto: Oseana Kunst og Kultursenter

– Eit fenomen

Veronica Søilen Halhjem er leiar for marknad og kommunikasjon ved Oseana kunst og kultursenter på Os sør for Bergen.

Kultursenteret skulle eigentleg hatt eit foredrag med hypokonderlegen i helga.

Halhjem meiner falske digitale arrangement er eit aukande problem.

– Det er diverre eit fenomen i heile Kultur-Noreg for tida. Alt vi kan gjere er å rapportere dette til Facebook, seier ho oppgitt.

Ho har sjølv prøvd å finne ut kven som står bak svindelforsøka, men har ikkje komme til botns i det.

– Eg har kome til brannstasjonar og andre offentlege etatar når eg freista å nøste i det. Vi har ikkje funne ut kven det er. Eg ser at det er ein del som blir linka mot kinesiske og austeuropeiske sider. Då stoppar kapasiteten min.

Dersom svindelen aukar i omfang, håpar ho at Kultur-Noreg kan gå saman for å slå ned på det.

3D facebook logo på tastatur

AUKANDE PROBLEM: Forbrukartilsynet ber privatpersonar og arrangørar om å melde falske arrangement til Facebook.

Illustrasjon: Dado Ruvic / Reuters

– Større problem

Seniorrådgivar Trude Talberg Furulund i Norsk senter for informasjonssikring (Norsis) er kjend med problemet.

– Vi har inntrykk av at det har vorte eit større problem under pandemien, fordi veldig mange av dei arrangementa som vi før hadde fysisk, har vorte flytta til digitale arrangement.

– Det er mange fleire moglegheiter for svindlarar som ønskjer å utnytte ei digital plattform.

Ho understrekar at det å trykkje på ei lenkje ikkje er farleg seg sjølv, men at det kan bli det om du legg inn brukarnamn, passord, kortinformasjon eller lastar ned og installerer noko på maskina di.

Forbrukartilsynet ber folk om å rapportere falske sider og grupper til Facebook.

Ein kan også kopiere lenker til mistenkelege sider og sjekke dei om er kategorisert som farlege på Norton Safe Web.

– Det beste tipset er å stoppe opp, bruke eitt minutt eller to og gjere nokre undersøkingar om det er noko som skurrar, seier juridisk direktør Frode Elton Haug.