Hopp til innhold

Husbrann starta i kjellar

Det brann i eit bustadhus i Stryn laurdag kveld, men brannmannskap fekk kontroll på brannen etter kort tid.

Brann i Stryn

STORE SKADAR: Det kom store skadar på huset i Stryn.

Foto: Fjordingen

– Brannen har skjedd i eit hus i Bjørkevegen i Stryn. Kjellaren på huset har no store skadar, og resten av huset har også betydelege røykskadar, seier Morten Rebnord hos politiet i Bergen.

Det var Fjordingen som først omtalte saka.

Klokka 23:11 laurdag kveld fekk politiet melding frå brannvesenet om at det kom store flammar frå kjellaren i huset. Innan ein halvtime fekk dei beskjed om at mannskapet hadde full kontroll på brannen, forklarer Rebnord.

– Dei som bur i huset har vore vekkreiste, og det er 30 meter til næraste nabo. Det var difor aldri noko fare for at folk skulle bli skadde, seier operasjonsleiaren.

Huset skal stå til lufting

Det brannskadde huset skal no stå til lufting resten av helga. Politiet veit framleis ikkje noko om korleis brannen kan ha starta.

Morten Kronen

Morten Kronen

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Både brannvesen og helsepersonell kom raskt til staden, og det vart kalla ut brannfolk frå både Hornindal og Olden for å hjelpe til.

Brannen skal ha starta i kjellaren på huset. Som ein ser på biletet har flammane også teke seg oppover eine veggen på huset.