Hopp til innhold

Politiet: – Det er for farleg å sende folk inn i rasområdet

Stor rasfare gjer at redningsmannskapa ikkje går inn i rasområdet ved Flesje i Balestrand.

Video Snøskred i Balestrand

PÅ AVSTAND: Grunna stor rasfare i området blir ikkje redningsmannskapet sendt inn i området.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Måndag kveld knust eit stort snøras eit bustadhus til pinneved om lag fire kilometer frå Balestrand sentrum.

Legg vekt på tryggleiken til mannskapet

– Etter ei samla vurdering, der det er lagt stor vekt på innsatsmannskapa sin tryggleik, har vi beslutta å avgrense innsatsen på staden i kveld. Vi vil konsentrere oss om eit søk ved riksvegen, seier pressetalsmann Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Store styrkar vart kalla ut då meldinga kom inn ved 20.20-tida måndag kveld. Brøytemannskap var i ferd med å rydde vegen då dei oppdaga restar etter huset.

– Det blir førebels ikkje sendt inn mannskap i sjølve rasområdet, seier Eggen ved 00.20-tida.

Fryktar at ektepar er tatt

Gjenstander som med sikkerheit kan knyttast til det aktuelle huset er funne både ved riksvegen og i sjøen ved utløpet av elva som raset har følgt.

Politiet fryktar at dei to sakna personane er tekne av raset. Ifølgje NTB skal det vere snakk om eit ektepar. Politiet planlegg å søkje i området når det blir lyst tysdag morgon. Det er også venta geolog til rasstaden tidleg i morgon.

Fartøy frå både Redningsselskapet og Kystvakten vil komme til staden i løpet av dei nærmaste timane, ifølgje Eggen. Dei vil gjere søk i løpet av natta eller i morgon tidleg.

Balestrand