Hopp til innhold

Hovudvegen til Kvinnherad blir stengd til laurdag ettermiddag

Fylkesveg 500 i Kvinnherad er stengd mellom Årsnes og Sunndal, etter at det gjekk eit stort stein-, snø- og sørpeskred sør for Sunndal litt før klokka 18 fredag. Dette er den einaste fergefrie vegen inn til kommunen.

Skredet er 150 meter breitt og 2-3 meter høgt. Politiet er på staden. Ei gravemaskin og ein varebil er treft av raset, men det var ikkje personar i desse.

Det går føre seg anleggsarbeid på staden i samband med ein ny krafttunnel.

Det er usikkert kor raskt skredet kan ryddast vekk. Geolog kjem til staden laurdag føremiddag. Førebels er planen at det blir gjort ei ny vurdering laurdag klokka 15.

Ras på Fv 500 sør for Sunndal i Kvinnherad
Foto: Politiet