Hopp til innhold

Hotellplanane på Harastølen i det blå etter konkurs

Planane om hotell i det gamle tuberkulosesanatoriet på Harastølen i Sogn heng i ein tynn tråd.

Harastølen

ENORMT BYGG: Harastølen i Luster var også kulisse for skrekkfilmen «Villmark 2». No er framtida uviss for bygget.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Det er klart etter at eigarselskapet Harastølen Holding er slått konkurs, og det er små verdiar igjen.

– Vi såg ikkje grunnlag for vidare drift, seier styreleiar Harald Reigstad til NRK.

Det har i mange år vore gjort ei rekke forsøk på å redde den unike bygningsmassen på Harastølen, som klorer seg fast i fjellsida 500 meter over Lustrafjorden.

Mange hadde eit håp då Tinfos etablerte Harastølen Holding, og hotellplanane blei møtt med begeistring i Luster.

Spelte inn skrekkfilm

Men bygningsmassen er i så dårleg stand at det vil bli vanskeleg å gjere noko, uavhengig av konkursen i eigarselskapet.

Den spektakulære bygningsmassen har opp igjennom åra vore tuberkulosesanatorium, psykiatrisk klinikk og asylmottak. Sanatoriet hadde 96 sengeplassar då det opna i 1902. Staden var eit eige, lite samfunn med eiga gondolbane, postkontor, kapell med likhus, kino og eit stort bibliotek.

Bygningane har stått tomme sidan 1991, og er i dag prega av forfall. I 2014 vart deler av skrekkfilmen «Villmark 2» spelt inn i hovudbygningen.

– Har prøvd å finne ei løysing

Kraftinntektene frå området har heller ikkje vore slik selskapet forventa.

Ein av planane med det gamle sanatoriet har vore å etablere eit hotell i deler av bygget. Dette er no heilt i det blå, stadfestar investor Terje Svindland.

Han og andre har jobba lenge med hotellplanane, og dei var lova 10 millionar kroner frå kraftselskapet Tinfos, men i haust halverte dei den summen.

– Vi har prøvd å finne ei løysing i haust og sett på reservane vi hadde, men dei trengde vi i sjølve prosjektet, seier Svindland.

– Forsømmer bygget

Styreleiar Harald Reigstad ønskjer ikkje å kommentere at Tinfos halverte summen dei ville gå inn i hotellplanane med.

Investor Svindland meiner derimot at kraftselskapet frå Notodden burde tatt seg råd til å gjere noko med det store bygget i Sogn.

– Tinfos er jo ein formuande eigar, og det er jo litt rart at dei kan forsømme eit bygg i tjue år, og så berre overlevere det til staten for at dei skal ta rekninga for å rydde opp etter dei.

No blir det hotell på Harastølen

SKUFFA: Terje Svindland (t.h.) meiner at eigarane Tinfos burde gjort meir for å berge det spesielle bygget på Harastølen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK