Hopp til innhold

Harastølen Hotell har kome enda nærmare realisering

– Vi opplever at vi kjem nærare og nærare. Det har skjedd mykje dei siste månadane som byggjer opp under prosjektet.

Harastølen

HOTELL: Investorgruppa ønskjer å lage det gamle sanatoriet om til hotell.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det seier Terje Svindland, prosjektleiar for Harastølen Hotell.

Han er del av ei investorgruppe som har planar om å gjere det gamle sanatoriet på Harastølen i Luster om til hotell. Dei har skaffe til vege storparten av dei 50 millionane kronene som trengst for å få til første trinn av planane – som omfattar to etasjar av bygget. Svindland seier mellom 80 og 90 prosent av finansieringa no er på plass.

Harastølen Hotell

SKISSE: Slik ser ei tidlegare skisse for hotellet på Harastølen ut.

Foto: Harastølen Hotell

– Vi held framleis med på å få fylt opp finansieringa, samtidig som vi kvalitetssikrar våre eigne budsjett opp mot handverkarar som er inne og ser på bygget, seier Svindland.

Treng også tilskot

Prosjektleiaren seier dei i tillegg til private investorar, er avhengige tilskot for at prosjektet skal kunne bli noko av. Mellom anna har Kulturminnefondet bidrege med nærare fire millionar kroner.

– Mykje kjem truleg på plass i september. Det er ein del søknader og rapportar vi ventar på knytt til prosjektet, som kjem inn i byrjinga av månaden, fortel han.

No blir det hotell på Harastølen

SYNFARING: Her frå ei synfaring på Harastølen i sommar. Frå venstre Sverre Ophaug (investor), Øyvind Odden (direktør Harastølen AS, tilsett i Tinfos) og Terje Svindland (investor/prosjektleiar hotellplanane).

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Planane for Harastølen er delte inn i tre trinn, der hotellet er første del. Mange viser interesse for prosjektet, seier Svindland.

– Ikkje mange andre hotell ligg så flott til og har den utsikta. Det er eit hotell der vi vil fokusere på roa og utsikta, og der ein samtidig kan vere aktive i skogane og dei nettverka av stiar som ligg rundt Harastølen frå før seier han.

Etter å ha etablert første trinn, ønskjer i løpet av fem år kunne etablere eit spa-konsept på Harastølen.

Vil ta fatt innvendig

Det er kraftselskapet Tinfos på Notodden som eig bygget. Øyvind Odden, administrasjonssjef i Tinfos og direktør i Harastølen AS, som er heileigd av Tinfos, har tidlegare uttalt at han har tru på hotellplanane. Målet til investorane er å kunne opne dørene i mai 2020, så dei får med seg sommarsesongen.

– Får vi fullfinansiering i løpet av hausten, håpar vi å kome i gang med arbeidet innvendig. Utvendig må bli til våren, seier Svindland.

Om dei ikkje får overta bygget og kjem i gang med renoveringa i år, vil dei gjere ein jobb på bygget for at det ikkje skal forfalle ytterlegare gjennom vinteren.

Har lova betre veg

Også Luster kommune har engasjert seg i prosjektet, ved at kommunen har lova å oppgradere vegen opp til Harastølen når planane er realiserte.

Harastølen i Luster

MAJESTETISK: Få andre hotell ligg så flott til, meiner investor Terje Svindland.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Det er det gjort eit prinsippvedtak om i budsjettet for 2018, fortel næringssjef Olav Grov, som følgjer planane med interesse.

– Det hadde vore kjekt om ein kunne fått inn aktivitet i bygget som kunne kome både bygda og kommunen til gode, seier han.

Les også: