Hopp til innhold

No er dei tre i kampen om leiarvervet i Arbeidarpartiet

Hilmar Høl frå Årdal har meldt seg på i kampen om leiarvervet i Arbeidarpartiet. I går lanserte Flora Arbeiderparti Solveig Willis som kandidat, medan valnemnda i partiet har innstilt Kristin Maurstad.

Leiarkandidatar Sogn og Fjordane Arbeidarparti

DUKA FOR KAMP: Hilmar Høl (Årdal Ap), Kristin Maurstad (Vågsøy Ap) og Solveig Willis (Flora Ap) er alle med i kampen om leiarvervet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Foto: Geir Bjarte Hjetland/Tone Merete Lillesvangstu/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dermed er det duka for dragkamp om leiarvervet når Arbeidarpartiet skal velje ny leiar på årsmøtet til helga.

– Eg har no stilt meg til disposisjon og må ta konsekvensen av det. Eg har blitt oppmoda av fleire lokallag til å stille og håpar at partiet vil ha meg som ny fylkesleiar, seier Hilmar Høl.

Det vakte stor oppsikt då det i januar i år vart kjent at Nils P. Støyva går av som fylkesleiar til fordel for ny jobb som distriktssekretær i LO.

Kristin Maurstad frå Vågsøy Arbeidarparti er no innstilt av valnemnda og Flora Arbeiderparti lanserte på måndag, Solveig Willis som kandidat.

– Fryktar du at ei kampvotering vil føre til ei splitting i paritet?

– Nei, det gjer eg ikkje. Det er som leiaren i valnemnda seier at vi er heldige som har tre gode kandidatar, og alle er villige til å ta denne posisjonen. For kandidatane så endrar ikkje dette seg, for vi vil jo framleis ha posisjonen. Eg trur ikkje det vil føre til noko splitting i partiet om nokon andre enn den som er innstilt blir valt, seier Høl.

Han føler no at han er moden til å ta steget vidare. Høl har vore lokalleiar i Årdal i ni år og sete i styret i Sogn og Fjordane Arbeidarparti sidan 2007.

– Eg har teke eit fylkespolitisk steg som gjer at eg òg har opna auga mine og føler at eg kan bidra til å vere ein samlande leiar for Sogn og Fjordane, seier Høl som er svært motivert og kvir seg ikkje for ei kampvotering.