Hopp til innhold

Støyva går til LO - trekkjer seg som Ap-leiar

Han har vore ein av dei mest markante Ap-politikarane i Sogn og Fjordane i mange år. No går Nils P. Støyva av som fylkesleiar og startar i ny jobb som distriktssekretær i LO.

Nils P. Støyva

GÅR AV: Nils P. Støyva går av etter fem år som leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Det er ei stor utfordring å få den jobben. Eg ser veldig store moglegheiter til å vere med å utvikle LO og fagrørsla i Sogn og Fjordane. Det skal også bli greitt å kome over i ein ordinær jobb etter å ha vore folkevald i veldig mange år, seier Nils P. Støyva til NRK.no.

Han gav måndag beskjed til leiaren i valnemnda at han ikkje ønskjer attval til leiarvervet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

– Eg har vore leiar i fem år og var nestleiar i to år før det. Eg ser at det er vanskeleg å kombinere desse verva, så difor har eg valt å gå ut av vervet som leiar i fylkespartiet, seier Støyva.

– Tøft med sjukehus og skule

– Kva har vore dei vanskelegaste sakene i dei åra du har vore leiar?

– Det er klart at sjukehussaka var veldig tung og vanskeleg, og vi fekk ikkje gjennomslag for alt vi ønskte i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Strukturdebatten om dei vidaregåande skulane var også ei tung sak, men der kom vi ned att på beina på ein god måte, meiner Støyva.

Han overtek etter Arvid Langeland som distriktssekretær i LO, ei stilling som kan reknast blant dei mektigaste verva ein kan ha på lokalt nivå i fagrørsla.

– Det blir heilt sikkert utfordringar i den nye jobben også, men når ein går inn som distriktssekretær i LO så har ein eit sekreteriat på nasjonalt nivå å støtte seg på og dei ulike forbunda. Så dette skal nok gå på ein god måte, seier Støyva.

Valnemnda visste ingenting

Det blir no opp til valnemnda i partiet å kome fram med ein ny leiarkandidat til å overta etter Støyva. Leiar i nemnda, Anette Stegegjerdet Norberg, visste ingenting om Støyva si avgjerd før i dag.

– Det kom litt overraskande, i alle fall for meg. Men vi unner han sjølvsagt den nye jobben han har fått, og vi er takksame for at han har vore leiaren vår i fem år no, seier ho til NRK.no.

– Kva tenkte du då Nils P. Støyva ringde deg i dag?

– Eg tenkte mest på det gode samarbeidet eg har hatt med Nils, og det gode samarbeidet fylket har hatt med han. Han har vore ein samlande og flink leiar, og det er mange som kjem til å merke at han ikkje skal vere leiar lenger.