Hopp til innhold

Ein av desse vert fylkesleiar i Ap - men først skal dei grillast

Sogn og Fjordane Ap går nye vegar når den neste fylkesleiaren skal på plass. Dei tre kandidatane Hilmar Høl, Solveig Willis og Kristin Maurstad skal intervjuast av valnemnda før ein leiar kan veljast.

Leiarkandidatar Sogn og Fjordane Arbeidarparti

TREKLØVER: Hilmar Høl (Årdal Ap), Kristin Maurstad (Vågsøy Ap) og Solveig Willis (Flora Ap) skal gjennom ein intervjurunde for å finne ut kven som er best eigna til å leie Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Foto: Geir Bjarte Hjetland/Tone Merete Lillesvangstu/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det kom som lyn frå klar himmel på valnemnda då Nils P. Støyva i slutten av januar gav beskjed om at han trekkjer seg frå leiarvervet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Onsdag kveld var valnemnda samla for å diskutere vegen vidare for å finne ut kven som skal fylle skorne etter Støyva.

– Vi har diskutert korleis vi best mogleg kan køyra prosessen framover for å komme fram til ein god og samlande leiarkandidat for heile Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Difor vil vi gjennomføre ein samtalerunde med kvar av kandidatane, seier leiar i valnemnda i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Anette Stegegjerdet Nordberg.

Hilmar Høl representerer Årdal Arbeidarparti, Kristin Maurstad er i Vågsøy Arbeidarparti, medan Solveig Willis representerer Flora Arbeidarparti.

Har fått færre leiarkandidatar enn dei trudde

Denne tilnærminga er ny for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane.

– Vi meiner at jobben som fylkesleiar er så viktig og krevjande at vi ønskjer å høyre litt om kva tankar og ambisjonar kandidatane har for å ta på seg det vervet, seier Nordberg.

Det kom overraskande på valnemnda at Støyva valde å trekkje seg.

– Han trekte seg så seint at ein del av kommunepartia allereie hadde gjennomført sine årsmøte. Det har ført til at vi har fått litt færre innspel på leiarkandidatar enn kva vi hadde trudd, seier Norberg.

Veit kva kandidatane står for

Dei trur årsaka er at kommunepartia har vore noko avventande med å lansere nye kandidatar.

– Men med det grepet vi tek no, med å køyre ein open prosess, håpar vi at det vil motivere partimedlemmene over heile fylket til å ta ein diskusjon i sitt kommuneparti om kven av desse tre kandidatane dei ønskjer, og at dei kan jobbe med det fram mot årsmøtet i mars, seier Nordberg.

Ho understrekar at alle dei tre kandidatane vert sett på som gode arvtakarar til leiarvervet i Arbeidarpartiet.

– Alle dei tre kandidatane har vore med lenge i Arbeidarpartiet, og står godt planta i ideologien vår. Dei veit kva vi står for og er også vane til å kjempe for det dei trur på både internt og ut mot veljarane våre. Dei har alle tre vore ressurspersonar for partiet vårt i alle år, så det er ikkje overraskande at dei er spelte inn som leiarkandidatar, seier Nordberg.

Håpar å få gjort intervju etter vinterferien

– Kva vil valnemnda leggje vekt på i intervjurunden?

– Vi vil spørje dei om kva ambisjonar dei har for korleis partiet vårt skal vere i framtida, korleis organisasjonen vår skal vere, korleis partiet skal frontast framover, samt ein del andre spørsmål som valnemnda skal setje seg ned og bli samde om, seier Nordberg.

Det vert teke sikte på å gjennomføre intervjua i nær framtid.

– Vi får vente til vinterferien er over. Men det er kort tid til årsmøtet, så vi håpar å få det gjennomført i veka etter vinterferien, seier Nordberg.