Hopp til innhold

Helsefagavdelinga ønsker samanslåingar

Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane møter motstand frå sine eigne. Helsefagavdelinga vil nemleg at høgskulen skal slå seg saman med andre utdanningsinstitusjonar på Vestlandet.

HISF Helsefag

STÅR PÅ SITT: Eva Marie Halvorsen og Jon Roger Andersen frå Høgskulen i Sogn og Fjordane si helseavdeling.

Foto: Rune Fossum / NRK

Styret ved Høgskulen har lenge vore tydelege på at dei ikkje vi slå seg saman med andre høgskular eller universitet.

Men dekan ved Helsefagavdelinga, Eva Marie Halvorsen, seier det er stor semje innanfor helsefagavdelinga om å gå på tvers av styret sine ønsker.

Vi ønskjer å slå oss saman med dei andre høgskulane på Vestlandet. Det er så mange andre som no byggjer store einingar.

Redd for å bli for små

Regjeringa og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har vore krystallklar på at dei ønsker færre og større institusjonar, og opna for tvangssamanslåing.

Ifølgje Halvorsen går det mot mange samanslåingar i sektoren for høgare utdanning. No fryktar ho at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal stå att som ein alt for liten skule i forhald til dei andre.

– Dette gjer vi fordi vi ønskjer likeverdige fullverdige utdanningstilbod og tenester i Sogn og Fjordane. Då snakkar eg for heile vår avdeling, seier ho.

Rektor Åse Løkeland seier ho vil at høgskulen skal stå åleine.

– Mi innstilling er som tidlegare. Eg meiner høgskulen bør vere sjølvstendig. Det har vore sterk stemning i høgskulen for å vere sjølvstendige. 12 av 14 studentar går inn for sjølvstende og forskarforbundet er heilt klare på det, seier Løkeland.

Trur skulen blir sterkare

Neste torsdag er styret invitert på teppet til kunnskapsministeren for å få til ei løysing. Halvorsen meiner Høgskulen vil stå sterkt om dei føyer seg, og går for samanslåing.

–Kan ikkje ein vere sterke for seg sjølv? Kan ikkje ei samanslåing resultere i at ein flyttar forsking og andre ressursar til Bergen?

–Tvert om. Det kjem til å bli meir ressursar og forsking her. Og vi må komme oss til forhandlingsbordet før toget har gått, seier Halvorsen.

Positivt for forskinga

Roger Andersen, som er forskar ved Helsefagavdelinga, har hatt delt stilling mellom høgskulen og Helse Førde. For nokre år sidan vart Helse Førde ein del av Helse Vest.

– Vi har sett ei enorm positiv utvikling i forskinga, Helse Førde hadde aldri komme opp på eit slik nivå utan samanslåinga.

Det same ser Andersen føre seg kan skje med høgskulen om dei slår seg saman med andre. Eit større nettverk vil gi betre forsking og meir støtte til å drive forskning, meiner han.

Heidi Kathrin Osland, styreleiar i HISF ville ikkje kommentere saka før styremøtet neste tysdag. Rektor Løkeland skjønar kvifor diskusjonen kjem opp.

– Vi har eit heilt klart press på oss frå styresmaktene om å revurdere standpunktet om å stå åleine. Vi må bringe fram for styret det som har skjedd i det siste med andre høgskular. Det er ulike syn, seier rektoren.