Hopp til innhold

Høgre vil la frisøren selje øl for å unngå sentrumsdød

I sentruma av Bergen og Oslo fryktar bedrifter at dei ikkje overlever koronaåret 2020. Høgre meiner løysinga er å mjuke opp skjenkepolitikken.

Bergen barberstue

INGEN ØL: Martin Flostrand, dagleg leiar hos Bergen barberstue, klipper ein kunde. Diverre får han ikkje servere øl på barberstua, slik han vil.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Eg veit at det er mange som har det ganske tøft, seier Martin Flostrand, dagleg leiar hos Bergen barberstue.

I dei hippe lokala i Vaskerelven i Bergen kjem menn for å pleie ansiktshåret. Men etter yrkesforbod i nokre veker, og færre kundar etter Noreg opna salongane, gjer at bedrifta fryktar for framtida.

No vil dei ha eit bein til å stå på.

Då dei opna for nokre år sidan, ønska barberstua å tilby kundane alkohol medan dei fekk stussa barten, men fekk nei frå byrådet.

I lovverket er det nemleg ikkje rom for klipp og konjakk i skjønn foreining.

– Gjer sentrum meir attraktiv

På grunn av koronakrisen har Høgre i Oslo og Bergen kome med ei felles tiltakspakke for å hjelpe næringslivet og unngå at sjapper som Bergen barberstue skal gå til grunne.

Eit av forslaga deira er å mjuke opp skjenkepolitikken, for nettopp å gje verksemder fleire bein å stå på.

– Å ta seg ein klipp og få eit kaldt glas øl hadde gitt ein tilleggsinntekt til Bergen barberstue her. Det ville også gjort opplevinga betre, og sentrumsbutikkane hadde stått fram som meir attraktive. Det trenger vi no i koronakrisa, seier Harald Victor Hove, gruppeleiar for Høgre i Bergen.

Forslaget lurer fram eit smil bak skjegget til barberar Flostrand.

– Eg synest det er veldig fint. Vi har ønska å tilby kundane øl ganske lenge. Vi følar det er tradisjon i bransjen vår, seier han.

Harald Victor Hove

LØYSING: Harald Victor Hove (H) verker å vere fornøgd med forslaget han kjem med.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ap kritisk

I tillegg til det Høgre kallar «glas i butikk», vil dei og gjere det enklare å lage lokale arrangement og festivalar, og gi fritak for avgift for uteservering i sommar.

Mellom anna trur dei gi Olivia på Østbanehallen i Oslo ville hatt større uteservering dersom det ikkje kosta noko. I Bergen vil Høgre ha uteservering på Torgallmenningen.

Fritak for avgift på uteservering Bergen allereie innført, seier byrådsleiar Roger Valhammer (Ap). Men elles trur han ikkje på at forslaga frå Høgre vil hjelpe sentrum.

– Eg stussar litt over at berre skjenk skal løyse utfordringane i Bergen sentrum. Vi ønsker oss eit sentrum der barnefamiliar kjem inn og handelsstanden skal få opp at salstala sine. Då er eg usikker på om at det einsidige svaret Høgre har for skjenkepolitikken er det rette, seier Valhammer.