Hopp til innhold

Vil flytta Music Norway frå Oslo til Bergen

Dei har hjelpt mange norske artistar til suksess i utlandet. No vil Høgre flytta heile Music Norway-kontoret vekk frå hovudstaden.

Høgrepolitikarar vil flytta Music Norway frå Oslo til Bergen

EKSPORT: Aurora, Sigrid og Kygo er alle bergensbaserte og har hatt stor suksess i utlandet.

Foto: NTB/REuters

– Store delar av norsk musikkeksport kjem frå Bergen, så det er heilt naturleg å tenkja seg at eit sånt kontor bør ligga her, seier Charlotte Spurkeland (H).

Musikkmiljøet i Bergen, med organisasjonen Brak i spissen, har sidan 2020 signalisert at dei ønskjer seg at det blir oppretta ei avdeling i byen.

No går politikarane ganske mykje lenger.

Ikkje realistisk

Stiftinga Music Norway har kontor i Oslo med 12 tilsette. Dei jobbar med å legga til rette for eksport og internasjonal profilering av norsk musikk.

Saman med partikollega Eivind Nævdal-Bolstad føreslår Spurkeland no å flytta heile organisasjonen Music Norway frå Oslo til Bergen.

– Eg trur det er ein god idé å løysa opp i maktkonsentrasjonen som er i Oslo og særleg innanfor kultursektoren.

Forslaget sender dei til bystyret i Bergen neste veke. Håpet er at kommunen skal gå i dialog med musikkmiljøet og ta initiativ mot regjeringa for å flytta verksemda til Bergen.

Dei viser til at musikkmiljøet i Bergen tidlegare har teke initiativ til å etablera eit Music Norway-kontor i byen.

– Det er eit nasjonalt kontor som skal sjå heile Noreg uansett. Me må stilla oss spørsmålet om kvifor ting skal ligga i Oslo, seier Spurkeland.

Tone Østerdal, direktør i Music Norway, meiner forslaget ikkje er realistisk på noverande tidspunkt.

– Eg synest det er rart at ein fremjar eit slikt forslag utan å ta kontakt med oss, seier ho til NRK.

Ho viser til at det er vanskeleg å uttala seg når ho ikkje kjenner til kva som ligg i forslaget frå politikarane.

Tone Østerdal, direktør i Music Norway

Tone Østerdal, direktør i Music Norway.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Ønsker forslaget velkomme

– Me er positive til å få Music Norway til Bergen. Artistar og band frå Bergen har lenge stått for ein stor del av norsk musikkeksport, og det vil anerkjennast og styrkast med eit fysisk kontor i byen, seier dagleg leiar Trine Gabrielsen i musikkorganisasjonen AKKS Bergen.

Dagleg leiar Vegard Moberg i Brak stiller seg òg positiv til forslaget.

– Bergen er eit tyngdepunkt i norsk musikkeksport og det finst framleis eit uforløyst potensial på næringssida, seier han til NRK, og fortset:

– Me har ei mengde fantastiske artistar som tenker stort og treng å styrka bransjedelen som forvaltar artistane. Om me lukkast med dette, vil det kreative miljøet bløma ytterlegare, og først då ser me byen sitt fulle potensial. Spurkeland og Nævdal-Bolstad har bygga vidare på arbeidet musikkbransjen i Bergen og Musikkontoret Brak har lagt ned over fleire år. Det blir spennande å følga saka vidare, seier han.

Aurora Aksnes

STOR: Aurora er ein av bergensartistane som har blitt stor i utlandet.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

Ein styrke å koma tettare på

Det var i januar 2020 at Brak første gong sende eit brev til Music Norway der dei tok initiativ til ei bergensavdeling.

I november same år vart det halde eit innspelsmøte der dei diskuterte behova til bransjen i Bergen når det gjeld eksport av musikk.

Desse breva og møta har BT tidlegare skrive om.

Arbeidet vart sett på vent, mellom anna på grunn av at pandemien gav nye utfordringar for bransjen. Då Music Norway i januar 2023 lyste ut to stillingar med arbeidsstad i Oslo, ville musikkmiljøet gripa moglegheita igjen.

Dei meinte at dette var eit godt høve til å etablera ei avdeling i Bergen, og at å tilsetja fleire i Oslo står i direkte konflikt med ei slik etablering.

I breva til Music Norway viser dei mellom anna til Music Norway sin rapport frå 2017 der det kom fram at musikkbransjen i Bergen veks dobbelt så fort som resten av landet.

Dei trekkjer fram døme som Kygo, Alan Walker, Aurora, Wardruna, Boy Pablo og Röyksopp.

Boy Pablo i 2020

INTERNASJONALT: Boy Pablo vann Spellemannprisen «Årets gjennombrudd» i 2019. Han har òg gjort det stort i utlandet.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

Vidare viser dei òg til at musikkeksport frå Bergen har vore eit fenomen i fleire tiår, og peikar på Kings of Convenience, Annie, Enslaved og Ralph Myers.

Avsendaren er ein «samlet bransje i Bergen», og brevet er signert av mellom andre Girson Dias frå NMGhuset, manageren til Kygo, Jan M. Bjordal og Geir Luedy frå Made, som representerer mellom andre Aurora, Sigrid, dePresno og SKAAR.

I tillegg har Bergen Live og festivalen Vill Vill Vest stilt seg bak.

Vil løfta debatten

I forslaget til bystyret skriv politikarane at det er «naturlig og formålstjenlig at Music Norway sitt arbeid ledes fra byen som er landets fremste eksportør av norsk musikk».

– Me har veldig mange store namn som Aurora, Kygo og Alan Walker, men også Leif Ove Andsnes og andre er viktige for Noreg å eksportera, seier Spurkeland.

Charlotte Spurkeland (H)

Charlotte Spurkeland (H).

Foto: NRK Hordaland / NRK Hordaland

Spurkeland seier ho har forståing for at enkeltpersonane som jobbar i Music Norway i dag har arbeidsplassen sin i Oslo.

– Men alle prosessane der ein har flytta statlege arbeidsplassar frå Oslo har vore omdiskuterte, men historia har vist at det har gått veldig bra. Konkurransetilsynet eit eksempel på det.

Ho viser til at det er viktig for dei å setja i gang ein debatt om temaet.

– Det er viktig å kontinuerleg jobba for å få ned maktkonsentrasjonen i kultursektoren i Oslo. Det er konsentrasjon av både pengar, arbeidsplassar og makt. Å spreia det utover heile landet har ein verdi i seg sjølv.