Hopp til innhold

Høgare tunnelar på Strynefjellet

Tunnelane på Strynefjellet blir heva. Dersom det vert løyvd pengar, kan arbeidet starte alt i 2008. 

Tunnelhøgda er i dag 4 meter, men kravet er 4,2 meter. Heving av tunnelane er ikkje med i Nasjonal Transportplan for dei komande fire åra. Likevel føreslår Statens vegvesen ei startløyving alt neste år, og anleggstart året etter. Totalkostanden for utviding av tunnelane er på 150 millionar kroner.

Rasoverbygg til 150 millionar

I tillegg er det planlagt nye rasoverbygg, også det til ein pris av 150 millionar. Distriktssjef Olav Terje Hove i Statens vegvesen seier til avisa Vegen og Vi at utviding av tunnelane og rassikring vil bli sett i samanheng.