Hopp til innhold

Høg utmerking til Rolf Navarsete

Fotballgeneral og kjøpmann Rolf Navarsete frå Sogndal er utnemnd til årets samfunnsentreprenør 2013.

Rolf Navarsete Årets samfunnsentreprenør 2013

HØGTHENGANDE PRIS: Frå v. næringsminister Trond Giske, prisvinnar Rolf Navarsete, Petter Arbo, styreleiar i SIVA, og Harald Kjelstad, adm. direktør i SIVA.

Foto: AAGE HOJEM

Prisen på 100.000 kroner vart delt ut i Trondheim i dag av nærings- og handelsminister Trond Giske. Navarsete sa i takketalen sin at pengane går vidare til Sogndal Fotball, dei skal brukast til å utvikle Fosshaugane Campus vidare, sa han.

Rolf Navarsete har lagt ned eit stort arbeid med å byggje opp Sogndal Fotball og Fosshaugane Campus, samstundes som han har bygd opp Meny til ein moderne matvarebutikk.

– Deler prisen med mange

Sjølv seier han at han deler prisen med mange i Sogndal, både innan fotballmiljøet og elles.

– Eg er veldig stolt personleg, men det går ikkje an å seie noko anna enn at eg tek imot prisen på vegner av mange gode vener og folk som har vore med og skapt det vi har fått denne flotte utmerkinga for.

Prisvinnaren meiner og yrket hans som kjøpmann har spelt inn.

– Det som har skapt meg er Meny-butikken i Sogndal. Det å kunne vere aktør på ein så sentral plass, treffe mykje folk, kunne halde styremøte mellom reolane, samstundes som Sogndal Fotball er det vi alle i fjordfylket eig saman.

Rolf Navarsete

ÅRETS SAMFUNNSENTREPRENØR: Rolf Navarsete på Fosshaugene Campus, som han har mykje av æra for.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Avhengige av folk som Navarsete

Statsråd Trond Giske la i talen sin vekt på kor viktig det er med folk, særleg i distrikta, som torer å ta tak i sine eigne lokalmiljø. Skal Norge utvikle seg er vi avhengige av folk som tek tak, sa han.

Som den Rosenborg-tilhengaren Giske er let han slett ikkje høvet gå frå seg til å takke Sogndal for at laget slo Molde, etter at Rosenborg hadde utklassa Sogndal på Fosshaugane Campus.

Det er SIVA som står bak kåringa av Årets samfunneentreprenør. I grunngjevinga er det lagt vekt på at Rolf Navarsete har vore ein samfunnsbyggjar av dimensjonar innanfor anleggsbygginga i regi av Sogndal Fotball.

For dette har han motteke ulike prisar, sist Sogndal kommune sin kulturpris og Sparebanken Sogn og Fjordane sin eldsjelpris.

– Utan personleg vinning

Rolf Navarsete har stått i sentrum i meir enn 30 år og manøvrert fram resultatet vi ser på Fosshaugane i dag, og utan anna motiv enn ynskje om å skape og utvikle samfunnet rundt seg, utan personleg vinning eller andre eigeninteresser som drivande krefter, står det i grunngjevinga.

Rolf Navarsete og Trond Giske

FEKK BILETE: Rolf Navarsete sende pengane vidare til Sogndal Fotball, men får eit bilete som prov på utmerkinga. Her saman med næringsminister Trond Giske.

Foto: AAGE HOJEM