Hopp til innhold

Betalar sesongkort av eigen lomme for å integrere flyktningar

Rolf Navarsete, mannen som har ein finger med i det meste i Sogndal Fotball, betalar sesongkort av eigen lomme for at flyktningar og asylsøkjarar i Sogndal skal få komme på fotballkamp på Fosshaugane Campus.

Rolf Navarsete

FOTBALL HEILE LIVET: For Rolf Navarsete har fotballen vore ein del av livet alltid, og han har sett kor mykje fotball betyr for folk og bygda.

Foto: Rune Fossum/Kjell Arvid Stølen / NRK

– Når det er fotballkamp i Sogndal så er dei aller fleste i bygda på kamp og då er bygda nesten tom. Då kan ikkje vi som vertskap for 150 asylsøkjarar og flyktningar la dei vere att nede i bygda åleine. Beste integreringstiltaket vi kan ha må å vere på fotballkamp i lag med folka i Sogndal og indre Sogn, seier Rolf Navarsete til NRK.no.

Navarsete spelte sjølv på Sogndal fram til 1977. Sidan har han vore ein sentral person i arbeidet med å byggje opp Sogndal til den fotballklubben den er i dag.

Han har også vore sterkt medverkande både på investorsida, men også organisatorisk, til at Sogndal Fotball har dei banefasilitetane dei har i dag både med Fosshaugane Campus og Sognahallen.

Betalar for dei som møter opp

Men denne sesongen har han komme opp med ein idé for å få endå fleire med på stadion kvar kamp.

Nøyaktig kor mange sesongkort han betalar for, er han ikkje sikker på, men det vert hevda at han iallfall har betalt for vel 100 sesongkort, ifølgje Bergens Tidende.

– Eg veit ikkje kor mange det er snakk om. Eg har sagt at eg betalar for dei som møter opp til ei kvar tid, seier Navarsete, som tek pengane frå si eiga lommebok.

Har sett kva fotball betyr

Han karakteriserer det som lett og heilt naturleg å komme opp med ein tanke som dette.

– Eg har drive med fotball heile livet og sett kva fotball betyr i bygda vår. Det gjeld både på kampdag og dagane etterpå. Når vi vinn og når vi tapar og ser på kva vi burde gjort annleis. Denne praten må dei få lov til å vere med på også, seier Navarsete til NRK.no.

Han meiner det er viktig at nye sogndøler forstår kva som går føre seg på Fosshaugane Campus annakvar helg.

– Einaste måten å forstå det på er å vere med på stadion, få eit forhold til laget og dei svart-kvite fargane, til bygda og distriktet, seier Navarsete.

Fotball er eit internasjonalt språk

Og bonusen er sjølvsagt at Sogndal Fotball får nokre nye supporterar.

– Mange av dei skal bli verande her i distriktet, sjølv om nokon også skal reise. Fotball er eit internasjonalt språk som alle kjenner uansett kor dei kjem ifrå. Alle kan det og reglane kjenner dei frå før, dei treng ikkje lære det. Fotball er verdas største ting, seier Navarsete.

Tilbodet frå Navarsete har vore sidan sesongstart.

– Eg har ikkje fått så mykje tilbakemeldingar. Vi helser på kvarandre på kamp. Det viktigaste er at dei tykkjer det er kjekt og møter opp, seier Navarsete.

Tek ein sesong om gongen

– Er dette eit tiltak du vil halde fram med neste sesong også?

– Vi får ta denne sesongen først, så får vi evaluere og sjå kva det betyr for dei og dei som styrer dei, seier Navarsete.

At tiltaket er populært kan flyktningekonsulent Olaug Marie Bjelde skrive under på. Det er ho som står utanfor stadion før kamp og deler ut billettar.

– Dette syner at Rolf er ein lokalpatriot og investor som også har auge og hjarterom for dei nye innbyggjarane i samfunnet vårt. At dei busette flykningane får komme på kamp er med på å skape tilhøyrigheit til bygda, seier Bjelde til Bergens Tidende.

Er takksame for tilbodet

Det er Hallvard David Husum, busetjings- og aktivitetsleiar ved Sogndal statlege mottak samd i.

– Det er strålande at han gjer dette. Dei som får billettar er svært takksame. Vi har mange fotballinteresserte her, og det er stort sett den same gjengen som går kvar gong, seier Husum til avisa.

– I Somalia spelte eg fotball. Det gjer eg framleis, men berre med venner. Viss eg får bli her er ønsket mitt å finne eit lag å spele på, seier Ahmed Tahliil Ahmed til Bergens Tidende.

Viktig å vinne i kveld

I kveld er det duka for nye duellar på Fosshaugane Campus. Klokka 18.00 møter Sogndal Stabæk. Og det ligg i korta at sogndølene bør ta tre poeng frå botnlaget.

– Det er slik i livet at det alltid er nokre kampar som er viktigare å vinne enn andre. Eg trur kampen i kveld er ein slik. Heimebane er heimebane, og der er det viktig å vinne, seier Navarsete.