Glopparen angrar på at han reiste til Davos så mykje som fem dagar før rennet i klassisk på laurdag.
– Den femte dagen har vore ein dåleg dag for meg. Slik blei det dessverre denne gongen og. Snø og mykje lavtrykk i Davos gjorde forholdene eit par hundre meter høgare enn dei normalt er, seier Hjelmeset.
- LES OGSÅ: Truleg ikkje godt nok til verdscup
Ingen god VM-søknad
Eitt minutt og 24 sekundar kom Hjelmeset bak vinnaren Alexey Poltaranin frå Kasakstan.
Det var fyrste verdscuprennet til Glopparen i år, og ingen god søknad til å vera med på VM i Oslo i februar og mars.
- LES OGSÅ: Slik skal Odd-Bjørn ta VM-gull
Han hevdar at han vurderte å reise direkte til Davos før rennet, noko han har hatt suksess med i fleire verdscuprenn.
– Det var veldig kaldt heime på Gjelleråsen. Difor reiste eg tidlegare. Eg hadde trua på denne vurderinga, så dette får stå for eiga rekning, seier Hjelmeset.
Ikkje redd for å bli utelatt
Men med betre taktikk enn Hjelmeset la opp til i Davos i helga, trur veteranen han framleis har sjanse til å kome med i VM.
– Eg er ikkje veldig redd for noko som helst. Det som skjer det kjem jo til å skje, seier han.
- LES OGSÅ: Hjelmeset knuste Northug
Han understrekar at også andre lagkameratar kan gjere feil som styrkar Hjelmesets eigen posisjon i høve til VM-uttaket.
– Eg får nok fleire moglegheiter, som til dømes i verdscupen i Otepää og i NM. Så får vi sjå korleis det blir når vi kjem inn mot VM, fortel Hjelmeset.
– Må trene betre
No er han fast bestemt på å finne ei løysing på høgdeproblemet.
– Eg må gjere ein mykje betre prestasjon enn det eg gjorde på laurdag. Då må eg enten trene mykje betre eller finne ut andre måyer å løyse dette på, seier han.