Hopp til innhold

Hjelmeset knuste Northug

Odd-Bjørn Hjelmeset kom i mål 40 sekund før favoritten.

Odd-Bjørn Hjelmeset

VANN: Hjelmeset vann rennet i norgescupen søndag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I norgescuprennet på Meråker søndag klarte Odd- Bjørn Hjelmeset gå betre enn skikongen Northug.

Må prestere

Petter Northug

HAR TRUA: Petter Northug har stor tru på at Odd-Bjørn Hjelmeset kan kjempe i toppen.

Foto: Alley, Ned / Scanpix

Hjelmeset vann rennet med tida 24.38,6. Medan Northug kom inn på tida 25.19,1.

Hjelmeset står utanfor landslaget denne sesongen, og han er avhengig av å prestere for å klare å komme inn på VM-laget i Holmenkollen i januar.

- Eg har kjendt dei siste dagane at noko er på gong. Eg er ein gammal mann, så eg kjenner på kroppen når det byrjar å løsne. Så god form som eg er i no var eg ikkje i heile fjor, seier Hjelmeset.

Kan vere med i tet

Northug trur at Hjelmeset kan vere med å kjempe heilt i tet.

- Eg trur kanskje det å stå utanfor landslaget har gjort han ekstra tent, seier han.

Resultatlista for menn senior 10 km klassisk

1 Odd-Bjørn Hjelmeseth Fjellhug / Vereide

2 Ronny Fredrik Ansnes Klæbu IL

3 Petter Eliassen Byåsen IL

4 Lars Vingli Odsæter Lillehammer Skiklub

5 Geir Ludvig Aasen Ouren Oddersjaa SSK

6 Eirik Kurland Olsen IL Ros

7 Andreas Myran Steen Leksvik IL

8 Petter Jr. Northug Strindheim IL

9 Kristian Tettli Rennemo Leksvik IL