ER OPTIMIST: Odd-Bjørn Hjelmeset er overtydd om at han er sterk nok til å bli verdsmeister igjen.
Foto: Rune Fossum / NRK- Eg veit akkurat kva eg skal gjere, seier Odd-Bjørn Hjelmeset.
Han er på ingen måte knekt etter den vesle nedturen i helga, der det «berre» vart ein sjuandeplass på 15 kilometer klassisk i sesongopninga på Beitostølen.
- LES OGSÅ:
Må leggje inn små formtoppar
- Eg har fått gjort alt eg skal i sesongførebuingane, og har ein plan på dette, seier han.
Saman med NRK Sogn og Fjordane har VM-håpet frå Gloppen sett seg ned og teikna si eiga planlagde formkurve for sesongen.
Den syner ein liten formtopp i månadsskiftet mellom november og desember, og ein tilsvarande formtopp i slutten av januar. Då skal Hjelmeset klinke til i verdscuprenna i Davos og Otepää - og sikre VM-plassen under NM.
- Skulle gjerne hatt ekstra gir
i byrjinga av mars har Hjelmeset planlagt den verkelege formtoppen. Då er det 15. kilometer klassisk under VM i Holmenkollen.
- Det er litt gambling, dette - for du må treffe med formen når du har tenkt det?
- Ja, men eg har gjort det før, og eg har ein plan på det eg driv med. Sjølv om eg gjerne skulle ha hatt eit ekstra gir på søndag, seier han.
- LES OGSÅ:
Vil også gå stafetten for Norge
Hjelmeset står denne sesongen utanfor landslaget, og må ordne det meste rundt satsinga si sjølve.
Han har skaffa seg smørjar frå skileverandøren Peltonen, og har fått bruke skiforbundet sin massør. I tillegg har han fått vere med på ein del av landslaget sine samlingar gjennom si rolle som sponsorsjef for Terra.
Opplegget håpar han skal kulminere i plass på 15-kilometeren, og deretter på stafettlaget til Norge.
NM BLIR VIKTIG: Morten Aa Djupvik meiner Hjelmeset må prestere i Otepää og NM, om han skal vere med til VM.
Foto: Rune Fossum / NRKEr overtydd om at han kan vinne
NRK Sogn og Fjordane har vist landslagstrenar Morten Aa Djupvik skissa til formkurve, som Odd-Bjørn Hjelmeset sjølv har teikna.
- Dette er akkurat slik eg ville tenkt det sjølv. Det er sånn kurva må vere, om han skal gjere det godt i VM. For Odd-Bjørn blir Otepää og NM det viktigaste, då det er dei nærmaste renna opp til VM-uttaket, seier Aa Djupvik.
- Eg meiner det er realistisk at eg kan vinne i VM. I hovudet mitt er eg sterk nok til det. Eg veit det er ekstremt vanskeleg, men eg håpar eg har dagen, seier Hjelmeset.