Hopp til innhold

Historisk kulturminne brann ned til grunnen

Den 165 år gamle sjøbua i Stavang i Sunnfjord var under restaurering og blei rekna som eit verneverdig kulturminne. No er det berre ruinar igjen.

Brann stavang 19.06.2020

BERRE RUINAR: Slik såg det ut kort tid etter at flammane byrjar herje i den historiske sjøbua.

Foto: NRK-tipsar

– Eg såg røyk og undra meg først om nokon tende mål. Eg banna høgt og stygt, før eg sette meg i bilen og køyrde ned. Då sto flammane ut av bygget, seier Steinar Svardal.

Han blei først merksam på brannen då han frå eigen veranda skimta røyken i 8-tida fredag morgon. Han var første mann på branntomta i Stavang i Kinn kommune og varsla raskt naudetatane.

– Det var overtent på eit par minutt, seier han.

Brann Stavang, 19.06.2020

OVERTENT: Gamlebua sto ikkje til å redde, då flammane festa grep fredag morgon.

Foto: NRK-tipsar

Redda nabobua

Berre meter frå brannruinane ligg krambua til Leidulv og Inger Margrethe Grytten. Brannmerke, sprokne glas og smelta leidningar vitnar om at flammane var faretruande nær å ta meir enn Gamlebua.

– Me kjenner på eit veldig sinne og tungsinn. Dette er svært trasig, særskilt for eigaren som har lagt ned enormt med innsats for å få den attende i stand, fortel Inger Margrethe Grytten.

Ektemannen var på veg til Bergen, men endra kurs med det same han fekk nyss om brannen.

– Då eg kom attende var det nesten nedbrent.

BRANN NED: Den historiske sjøbua i Stavang byrja å brenne

Historisk tap

Eigaren av sjøbua hadde samla inn pengar og sjølv brukt mykje ressursar på å ruste den opp til museum, butikk og samlingslokale for bygda.

Bygget frå 1855 har husa både postkontor, butikk og fiskebu. Det er rekna som eit verneverdig kulturminne.

«Styret i Gamlebua har jobba for at ho skal verte eit kulturelt knutepunkt i bygda», kjem det fram av ei Facebookgruppe i Gamlebua sitt namn.

Stavang gamle kyrkje

HISTORISK KULTURMINNE: Fotografiet frå 1915 viser Gamlebua i Stavang framfor kyrkja til høgre i bildet. Kyrkja brann ned i 1951.

Foto: Birger Huun / Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen

Frivillige hjelpte med hageslange og vassbøtter

Ifølgje politi og vitne skal frivillige på staden ha kome til med vassbøtter og ein hageslange for å hindre spreiing til den nærliggande krambua.

– Dei skal ha all ros for denne innsatsen, utan den kunne det gått så mykje verre, seier innsatsleiar Øyvind Russenes i politiet i Sunnfjord.

Han seier at brannvesenet sin førsteinnsats og rask handling frå dei lokale hindra større brannskadar.

– Folk må sjølvsagt vere forsiktige når dei grip inn på denne måten, men i dag var det riktig vurdering, seier han.

politi Brann sjøbu Stavang

ROSAR INNSATSEN: Øyvind Russenes, innsatsleiar i politiet, rosar snarrådige hyttefolk som gjorde det dei kunne for å hindre at brannen spreidde seg.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Stor spreiingsfare

Russenes seier dei har avhøyrt vitne og sperra av området.

– No vurderer me om det er naudsynt å gjere krimtekniske undersøkingar. Det er ingen opplysningar som tilseier at brannen er påsett, men me held sjølvsagt alle moglegheiter opne.

Utrykkingsleiar i Kinn brannvesen, Otto Akselsen, seier dei i starten vurderte faren for spreiing som stor.

– Det såg skummelt ut med ein gang me kom hit, men me fekk raskt kontroll på brannen.

Brann sjøbu Stavang kyrkja
Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Fatale vindkast

Svardal og hyttenabo Tore Eide heldt kontakten med politi og brannvesen, og starta varsle naboar om hendinga.

– Det var stor varmeutvikling og eg såg det byrja brenne i rekkverket på nabobua, fortel Eide og seier det til tider var vindkast som førte flammane mot dei andre bygningane i bygda.

– Brannvesenet spurte meg om eg kjende nokon bønder med jyllevong som kunne hjelpe til, men eg har berre hytte her gjorde ikkje det. Men det er klart ein gjer seg nokre tankar om beredskapen her ute i distrikta.

Eide skildrar Gamlebua som eit ikon i Stavang.

– Det var eit flott bygg, som skulle gjerast om til museum og samlingspunkt for bygda. Dessverre var det ikkje meir me kunne ha gjort.

Brann sjøbu Stavang

BERRE RUINAR IGJEN: Trass rask innsats frå augevitne sto ikkje den historiske sjøbua til å redde.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK